
3-1 tap for Hødd 2
Laurdag ettermiddag spelte Hødd 2 bortekamp mot Ready. Det enda med 3-1 tap.
Rekruttane reiste til Oslo med ei ung tropp fredag morgon. Det vart overnatting på hotell frå fredag til laurdag, før ein reiste heim etter kamp. God læring for gutane å oppleve eit slikt opplegg.
Den første omgangen starta på jamnt vis. Ingen av laga tilreiv seg noko klart initiativ i kampen. Etter kvart tok heimelaget meir over og tok leiinga 1-0 i det 22. speleminutt. Like før pause auka dei leiinga til 2-0, etter eit unødvendig balltap ved midtbana.
Etter pausen starta Hødd på betre vis, og pressa Ready periodevis lenger bak i bana. Vi hadde fortjent ei scoring i denne perioden. Samstundes hadde heimelaget sine moglegheiter, men Joakim Ulstein eller forsvarsleddet rydda opp. I det 74. speleminutt kom derimot reduseringa til 2-1 ved Peter Hasund på eit strålande frispark frå eit-par-og-tjue meter. Hødd hadde no i initiativet i kampen og pressa på, utan uttelling. Mot slutten av kampen blei Peter Hasund flytta fram som spiss i eit forsøk på å utlikne, men like før slutt avgjorde Ready kampen til 3-1 på ei kontring.
Trenar Sander Nyland gav følgande kommentar etter kampslutt:
«Vi får svar i kvar kamp. Og vi lærer i kvar kamp. I dag reiser vi med årets yngste tropp og gir Ready kamp heilt inn. Samstundes kunne vi fort fått med oss poeng i kampen».
Korleis var kampforløpet?
«Den første omgangen gjer vi litt for enkle feil som vi blir straffa på, men vi hevar oss i andre omgang og får fortjent ei redusering. Etter reduseringa har vi momentum, utan å få utlikninga. Dessverre scorar dei 3-1 mot slutten. Uansett: Eg er stolt over innsatsen gutane legger ned!»