3-0 siger mot Vidar
A-laget slo Vidar 3-0 etter ein knallgod 2.omgang.
1. omgang
Etter 8 og 9 minutt kom kampens to første sjansar. Først fekk Martin Hummervoll ei moglegheit, men skotet frå skrått hold gjekk utanfor. Like etter skaut Jostein Ekland hardt i stanga. Returen traff Jan Lennart Urke i ryggen, men ballen stoppa før den nærma seg mållinja.
17 minutt ut i kampen kom kampens første scoring. Bendik Rise sitt korridorfrispark gjekk forbi alt og alle, og vidare inni det lengste hjørne bak keeper Eivind Meling.
Etter halvspelt omgang burde Badr Rahhaoui dobla Hødd si leiing. Henrik Breimyr spelte fint gjennom til Preben Sætre, som vidare sendte ei ferdigscora pasning til Badr. Liggande måtte Badr sjå avslutninga gå like utanfor.
Vidar kom til ein småfarleg sjanse med Hummervoll seinare i omgangen, men ein retur frå Urke blei klarert før ein Vidar-spelar nådde ballen.
2.omgang
2.omgang opna med ein frekk chip frå Torbjørn Kallevåg. Avslutninga frå kanten av 16-meteren blei fint redda av Meling.
Etter 53 minutt kom Kallevåg til enda ein god sjanse. Etter pasning frå Bendik Torset skaut Kallevåg hardt i stanga. Vidare skulle Kallevåg vere arkitekten bak kampens andre scoring. Eit godt slått korridorfrispark fann Badr på bakerste stolpe. Headinga til Badr var god, og dermed gjekk heimelaget opp i 2-0.
Etter 72 minutt skaut Rise, dagens Høddar, eit godt frispark frå 20 meter. Ei god redning hindra scoring.
Magnus Myklebust kom til to gode sjansar etter nærmare 80 minutt. Den første etter pasning frå Rise, den andre etter pasning frå Kallevåg. Meling redda den første sjansen, medan den andre gjekk utanfor.
Etter 85 minutt fekk Amani Mbedule ballen frå Breimyr. Amani gjorde det Tarik Elyounoussi ikkje gjorde, nemleg å spele ballen på tvers til ein betre plassert lagkamerat. Kallevåg tok godt vare på sjansen, og scora sikkert. Amani kom sjølv til ein sjanse like etter, men avslutninga gjekk via keeper og ut.
Neste helg ventar Vindbjart i Vennesla for A-laget. Kampen spelast søndag klokka 15.00. Bendik Torset og Vegard Heltne fekk idag sine tredje gule kort for sesongen, og må dermed stå over kampen på Sørlandet.
KAMPFAKTA
Hødd - Vidar 3-0 (1-0)
1-0: Bendik Rise (17')
2-0: Badr Rahhaoui (68')
3-0: Torbjørn Kallevåg (85')
9.runde PostNord-ligaen. Dommar: Magnus Nicolai Koløy. Tilskodarar: 1191. Gule kort: Vegard Heltne, Bendik Torset og Badr Rahhaoui, Hødd. Sigve Christensen, Vidar.
Hødd (4-3-3): Jan Lennart Urke - Bendik Torset, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Vegard Heltne - Bendik Rise, Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg - Preben Sætre (Magnus Myklebust frå 70), Badr Rahhaoui (Amani Mbedule frå 79), Didrik Sereba (Eirik Saunes frå 87).
Vidar (3-5-2): Eivind Meling - Sigve Christensen, Daniel Berntsen, Bjørnar Holmvik - Kristian Høvring, Sander Flåte (Eirik Kampenes frå 64), Andreas Westlye, Ingvald Halgunset (Sanel Bojadzic frå 74), Jarle Madland (Eirik Jacobsen frå 46) - Jostein Ekland, Martin Hummervoll.