275 lag klare for Tare Cup i helga

Laurdag 14. og søndag 15. november blir det full aktivitet i Sparebanken Møre Arena i Ålesund. 275 gutelag frå 43 klubbar skal spele til saman 539 kampar i årets Tare Cup.

Annonse:

Hødd Fotball står for gjennomføringa av gutehelga. Dei første kampane startar klokka 09.00 begge dagar.

– Vi gler oss til å sjå hallen fyllast av spelarar, trenarar og familiar. For mange av dei yngste er dette ei av dei første store turneringane dei er med på. Vi håpar dei får ei helg med mykje speletid, gode opplevingar med laget og lyst til å spele endå meir fotball, seier Per Arve Moldskred, hovudansvarleg for Tare Cup i Hødd Fotball.

Frå trearfotball til sjuarfotball

Laurdag spelar seks- og sjuåringane trearfotball, medan åtte- og niåringane spelar femmarfotball. Søndag tek ti-, elleve- og tolvåringane over hallen med sjuarfotball.

Kampoppsettet for Tare Cup finn du i Cup Manager.

Frivillige held turneringa i gang

Frå parkering og lagsmottak til banesekretariat og kiosk er dei frivillige med på å ta imot laga og få kampane til å gå etter planen.

– Med 539 kampar på to dagar er vi avhengige av at mange stiller opp. Eg vil takke alle som tek ei vakt i helga. Det er den innsatsen som gjer at vi kan ta imot så mange lag, seier Moldskred.

Hødd Fotball takkar Sparebanken Møre for støtta som turneringssponsor og for at banken er med på å gi så mange barn ei kjekk fotballhelg.

Vi ønskjer spelarar, trenarar, familiar og publikum velkomne til Sparebanken Møre Arena!

Annonse fra Obos-ligaen: