2-1 siger til Hødd mot Træff
Hødd med god kontroll i 2-1 sigeren over Træff.
Gjestane frå Molde starta kampen i lågt press, noko som gjorde det vanskeleg for Hødd å bryte gjennom. Dagens fyrste sjanse kom etter 17 minutt, då ein Træffspelar heada ballen i eigen tverrliggar etter eit langt innkast frå Daniel Eid. Etter 31 minutt var Eid nok ein gong involvert, då han heada ein corner frå Bendik Rise i stanga. Like etter kontra Træff, der Alexander Johansen satt inn 0-1. 5 minutt seinare scora Rise på eit fantastisk frispark frå 20 meter. Resultatet til pause var dermed 1-1.
2.omgong starta med eit overtak frå Hødd, der både Eid, Sondre Beite og prøvespelar Badr Rahhaoui kom til gode sjansar. Det fyrste og einaste målet i 2.omgong kom etter 67 minutt, då Didrik Sereba scora sikkert aleine med keeper etter ei fin pasning frå Torbjørn Kallevåg. Kampen jamna seg noko ut etter scoringa. Siste sjanse kom på overtid, då Steffen Moltu heada rett på keeper. Sluttresultatet blei dermed 2-1.
Neste kamp er fyrstkomande tirsdag mot Sogndal på Fosshaugane Campus.
Laget
Jan-Lennart Urke, Daniel Eid, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Vegard Heltne, Bendik Torset, Bendik Rise, Torbjørn Kallevåg, Preben Sætre, Magnus Myklebust, Didrik Sereba.
Benk: Sivert Pieroth, Eirik F. Saunes, Isak Haanes, Elias Martin Flø, Martin Mork Breivik, Badr Rahhaoui.