2-0 siger til rekruttlaget!

Fredag kveld spelte Hødd 2 toppoppgjer i 4. divisjon mot Volda på Høddvoll.

Annonse:

Kampen opna med eit lite overtak for gjestane, med eit høgt og aggressivt press. Etter kvart som heimelaget holdt meir i ballen, kom dei meir med i kampen, men utan dei heilt store målsjansane. Laga gjekk til pause på stillinga 0-0. 

Etter pause tok heimelaget kommandoen, og fekk betalt for det i form at to fortjente scoringar. 1-0 kom på ein overgang der Gustav B. Dimmen klinka ballen i mål frå 17-18 meter. Samme mann var involvert i 2-0 når han blei felt inne i 16-meteren og skaffa straffespark. Den sette Håkon Brautaset sikkert i mål. 

Trenar Sander Nyland sa følgande etter kampslutt: "Vi vinn fortjent mot ein fysisk tøff motstander. Litt trøblete start, men den siste timen er vi klart best i alle spelets faser. No tek gutane ein velfortjent ferie etter ein god vårsesong".  

Laget

Sivert Olai Pieroth, Martin Mork Breivik (Sander Djupvik), Aleksander Kostopoulos Rekdal, Elias Martin Flø, Johannes Sundgot, Sveinung Tilseth Sæterås, Wachirawut Phudithip, Peter Saunes Hasund, Isak Skare Haanes, Håkon Botn Brautaset, Sondre Sandnes Beite (Gustav B. Dimmen).

Annonse fra Obos-ligaen: