
16. SERIERUNDE: Hødd – Stjørdals-Blink
I morgon søndag kl. 16:00 kjem serieleiaren til Høddvoll!
Vi har tapt tre kampar på rad og er verkeleg klare til å brette opp ermane og gjere jobben for å kome tilbake på vinnarsporet igjen! Vi håpar at så mange som mogleg kjem på kampen og støttar gutta til siger mot serieleiaren! Laget skal spele i retrodrakter for å markere 100-års dagen!
Denne helga feirar vi 100-års dagen vår og det skal være ein showkamp kl. 14:00 mellom laga frå 1995- og 2012-sesongen. Vi håpar difor mange tek turen og tilbringar dagen på Høddvoll! Det vil være billettering til begge kampane, men du treng berre ein billett for å sjå begge kampane. Dei som har sesongkort får nytte desse!
OM STJØRDALS-BLINK
Stjørdals-Blink har hatt ein strålande sesongen så langt og leiar avdelinga med 32 poeng og eitt poeng forran Fredrikstad FK.
Lagets siste fem kampar:
10.08.19: Stjørdals-Blink – Nardo: 1-0
14.07.19: Bryne – Stjørdals-Blink: 1-1
06.07.19: Stjørdals-Blink – Kvik Halden: 3-1
29.06.19: Moss – Stjørdals-Blink: 1-3
23.06.19: Stjørdals-Blink – Egersund: 2-2
Innbyrdes oppgjer:
Laga har møttest fem gongar i seriesamanheng. Fyrste gongen tilbake til 1992, der vi tapte heile 5-1 borte og slo kraftig tilbake heime på Høddvoll med ein 8-0 siger. Hødd gikk på ein kraftig smell i vårkampen borte og tapte 4-0. Så i helga er vi verkeleg ute etter revansje!
12.05.2019: (2.div) Stjørdals-Blink – Hødd 4-0
05.08.2019: (2.div) Hødd - Stjørdals-Blink 2-0
14.04.2019: (2.div) Stjørdals-Blink – Hødd 0-3
06.09.1992: (1.div) Hødd - Stjørdals-Blink 8-0
08.06.1992: (1.div) Stjørdals-Blink – Hødd 5-1
Tropp
Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Daniel Eid, Joakim Wrele, Netan Sansara, Eirik Franke Saunes, Preben Sætre, Glenn Walker, William Fjørtoft, Tobias Bjørnebye, Bendik Rise, Robin Shroot, Robin Hjelmeseth, Bam Hide, Joachim Osvold, Peter Hasund, Isak Skotheim, Bendik Engen.
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
Kampen kan du sjå live på Høddvoll– billettar kan du kjøpe på førehand ved å klikke deg inn her eller du kan kjøpe billett på stadion før kampen. Møt opp på stadion og støtt dei blåkvite!
Du kan sjå kampen på Sunnmørsposten eller Vikebladet sine nettsider
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
Annonse fra Obos-ligaen: