12 juniorar har spelt A-kampar i år
Nevstad: - Nokre av dei vert tatt opp i A-stallen i løpet av kort tid.
Fasiten etter dei tre første treningskampane viser at 12 juniorspelarar har fått sjansen på A-laget:
Sivert Pieroth, Ståle Pettersen, Peter Hasund, Daniel Eid, Håkon Brautaset, Elias Martin Flø, Isak Haanes, Eirik Saunes, Sveinung Tilseth, Gustav Dimmen, Bam Hide og Sander Djupvik.
Den 13. juniorspelaren som har blitt benytta er Bendik Rise, men han tel vi ikkje då han allereie er ein del av A-stallen.
Sportssjef Andrè Nevstad seier:
- Vi har hatt mange hospitantar frå juniorlaget både på trening og kampar i januar og februar. Tidligare har vi annonsert at nokre av dei vil bli tatt opp i A-stallen, og det vil skje i løpet av kort tid.
Peter Hasund (bildet) scorar her i 7-0-sigeren mot Herd sist, og står med flotte tre scoringar på fire kampar for A-laget. Ein god start for guten som har Geir Hasund som far og Kjetil Hasund som bestefar. Bendik Rise scora forøvrig sitt første A-lagsmål mot Herd.
Mange har altså fått sjansen å hospitere på A-laget så langt, og trenar Sindre Eid seier at fleire får sjansen:
- Vi har fleire enn dei 12 som er aktuelle, men nokre av dei har vore skada så langt i sesongen og vil få sjansen seinare.
Neste A-lagskamp er komande laurdag kl. 14.00 mot Brattvåg på Høddvoll.