10 reaksjonar på avdelinga
Vi har spurt spelarar, ansatte og supportarar om avdelinga og Hødd sine sjansar i 2. divisjon.
Kvaliteten i 2. divisjon vil sjølvsagt vere høgare enn nokon gong i 2017
Robin Hjelmeseth (Ex. Hødd og nyopprykka frå 2. divisjon med Elverum):
Hødd har komt i ei tøff avdeling. Eg meinar den ser mykje sterkare ut enn den andre avdelinga, med langt fleire klubbar som satsar hardt. Det blir mange ekle lag å møte for Hødd. Nest-Sotra og Bryne vil alle ha oppi der, men klubbar som Egersund, Notodden, Vidar og Vindbjart vil også slå hardt frå seg. Likevel bør Hødd definitivt kjempe om opprykk. Med tanke på det meste bør Hødd vere ein klubb som minst bør vere i OBOS-ligaen.
Vi skal opp igjen der vi høyre heime fortast mulig. Heia Hødd!
Oppsettet ser greit ut. Det er sjølvsagt ein spissa 2. divisjon samanlikna med tidligare, og kvar vi står i forhold til dei andre klubbane fem månadar før seriestart er sjølvsagt vanskelig å vite. Vi kjenner nokre av laga godt som eksempelvis Hønefoss, Bryne og Nest-Sotra, medan mange andre klubbar er eit heilt nytt betjentskap.
Steffen Moltu (Spelar):
Eg har ikkje studert laga i detalj, men utfra året i år og tidligare år blir dette ei knalltøff avdeling med mange konkurrentar for opprykket. Alle 2. divisjonslaga var jo også på øvre halvdel i årets serie.Trur sjølvsagt at Hødd blir å finne i toppen, sannsynligvis saman med Bryne og Nest Sotra, samt også minst ein overraskelse. Kanskje Vard Haugesund? Tida vil vise.
Robert Ulfstein (Supportar):
Eg kjenner ikkje nok til laga i 2.divisjon, men trur kanskje vår avdeling er den hardaste. Min spådom vil vere at i vår avdeling vil Hødd, Bryne og Nest Sotra ligge på topp 3. Bak desse kjem Hønefoss, Egersund og Notodden. For oss reisande supporterar vil det bli veldig mange lange og kronglete borteturar. Alle 13 bortekampene vil bli på over 14300 km. Sjølv har eg blitt pappa til ei lita jente, so tidkrevande reising har denne og neste sesong blitt nedprioritert. Men eg skal sjølvsagt støtte klubben på alle heimekampane. Vi skal opp igjen der vi høyre heime fortast mulig. Heia Hødd!
Kari-Mette Sundgot (Dagleg leiar):

Kostnadsmessig i forhold til reise vert neste års 2. divisjon omlag som årets OBOS-liga. Når det er sagt, så er det lettare for oss å dra sørover og til Austlandet enn til Nord-Noreg.
Bendik Torset (Spelar):
Fyrste tanke er at dette er ei tøff avdeling, og at det dermed verte ei skikkeleg kamp om toppen. Vanskeleg å seie kven som verte å finne heilt i toppen, men forventa i alle fall at Bryne og Nest-Sotra vil vere der saman med oss. Så er der mange andre lag med erfaring frå høgare nivå, som ein også må rekne med.
Arne Flatin (Hødd-historikar):
Umiddelbart vil eg seie at Hødd har hamna i ei tøff avdeling, der mange av klubbane har ambisjonar. Også greit å sleppe å reise til Nord-Noreg. Hødd bør ha ei mulegheit på 1.- eller 2. plassen, men det kjem sjølvsagt an på mange faktorar. Det vil heilt sikkert vere enklare å ha ei oppfatning av styrkeforhold når vi kjem til mars. Bryne, Nest-Sotra og Hønefoss har nyleg vore lenger oppe i divisjonssystemet, og bør kunne kjempe oppi der. Kultur, historie og mannskap tilseier at eg vil vere overraska om ikkje Hødd er topp 3.
Sindre Eid (Marknadssjef):
Kvaliteten i 2. divisjon vil sjølvsagt vere høgare enn nokon gong i 2017, ettersom divisjonen er spissa. Vi må forberede oss på ein spennande sesong, og eg er viss på at Hødd blir "oppi der". Det blir kjekt med ein del nye betjentskap, og favoritter i divisjonen saman med Hødd trur eg vert Nest-Sotra og Bryne.
Beate Rødseth (Supportar):
Eg har vel lov til å seie at eg ikkje er fornøyd. Avdeling 2 ser betraktelig sterkare ut enn avdeling 1. Bortekampane gir lange og dyre reiser både for laget og supportarar. Spesielt skuffa over å havne i same avdeling som Bryne, eit lag som saman med oss ikkje høyrer heime på nivå 3 i norsk fotball. Om eg skal leite opp noko positivt, så blir det for min del fleire nye stadar å besøke. I toppen av tabellen vil Hødd og Bryne vere store favorittar, saman med Hønefoss og Nest Sotra kanskje?
Geir Hansen (Sport- og utviklingsleiar):
Hødd har havna i ei spennande avdeling, med ein del gode motstandarar. Vi møter nokre nye lag, eksempelvis Vindbjart. Førsteinntrykket er at avdelinga er tøff, men Hødd skal sjølvsagt kjempe i toppen. Eg trur Bryne vert ein stor utfordrar, og så vil heilt sikkert eit eller to lag til vere med å kjempe heile vegen. Notodden satsar tungt og kan fort vere ein av dei.