10 kjappe: Torbjørn Kallevåg

Bli betre kjent med bømlingen som nyleg runda 100 kampar for Hødd.

Foto: Arne Flatin
Foto: Arne Flatin

Namn: Torbjørn Kallevåg
Alder: 23 år
Fødestad: Bømlo
Posisjon: Midtbane/Angrep
Tidlegare klubbar: Bremnes, Vard

1. Korleis ser din kvardag ut?
- Eg står opp i 07.30 tida, deretter er det jobb på ungdomsskulen til 14.00. Vidare er det trening, etterfulgt av middag. Kveldane er rolige med fotball på skjermen.

2. Beste fotballminne?
- Norway Cup 2011 med Bremnes jr, noko draumelaget mitt gjenspeglar.

3. Beste medspelar?
- Bendik Rise.

4. Beste motspelar?
- Eidur Gudjohnsen. 

5. Lagets klovn?
- Jan Lennart Urke.

6. Lagets kjekkas?
- Sondre Beite

7. Korleis ser din draume-11ar ut?
Keeper: Jan Lennart Urke.
Forsvar: Odd Kristian Habbestad, Steffen Fylkesnes, Futsum Mebrahtu, Jørgen Kallevåg.
Midtbane: Lars Andreas Larsen, Andreas Våmartveit, Håkon Agasøster.
Angrep: Remi Steinsbø, Guttorm Kallevåg, Torbjørn Kallevåg.

8. Fortell noko folk flest ikkje veit om deg:
- Eg meinar sjølv at eg er i norgestoppen i SingStar, altså mykje betre enn Jan Lennart.

9. Kva tankar har du om kampen tapet mot Notodden?
- Vi spelar ein forferdelig 1. omgang. Det er alt eg har å seie om den omgangen. I 2. omgang hevar vi oss, men vi klarer ikkje å skape nok sjansar. Samtidig er vi ineffektive på dei sjansane vi får.

10. Kva tankar har du om kampen mot Vidar komande søndag?
- Det er ein kamp vi skal vinne og dominere.

Annonse fra Obos-ligaen: