10 kjappe: Bendik Dybdal Torset
Bli betre kjent med spelar nummer 15.

Namn: Bendik Dybdal Torset
Alder: 27 år
Fødestad: Volda
Posisjon: Føretrekk indreløpar
Tidlegare klubbar: Larsnes og Larsnes/Gursken
1. Korleis ser din kvardag ut?
- Eg har jobba ein del på barneskule, og dei tok nettopp sommarferie. Den nye kvardagen byrjar frå og med denne veka og vil bestå av trening og lesing fram mot ein utsatt eksamen.
2. Beste fotballminne?
- Å verte tatt opp i A-stallen, og sjølvsagt cupgullet.
3. Beste medspelar?
- Pål Andre Helland.
4. Beste motspelar?
- Abderrazak Hamdallah.
5. Lagets klovn?
- Badr Rahhaoui.
6. Lagets kjekkas?
- Vegard Heltne.
7. Korleis ser din draume-11ar ut?
Keeper: Ørjan Håskjold Nyland.
Forsvar: Akeem Latifu, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Victor Grodås.
Midtbane: Bendik Dybdal Torset, Emil Viddal, Andreas Brune Rekdal.
Angrep: Kazeem Ahmed, Michael Karlsen, Vegard Heltne.
8. Fortell noko folk flest ikkje veit om deg:
- Eg er god på å lage Crème brûlée.
9. Kva tankar har du om tapet mot Byåsen, og korleis går med skada?
- Det er keisamt at vi gir Byåsen moglegheiter i byrjinga av kampen, noko vi vert straffa for. Vi skapar mykje, gjennom blant anna innlegg frå Preben og gode dødballar, men vi får ikkje satt keeperen deira nok på prøve. Når det gjeld skada så behandlar eg den som ein mild strekk. Med riktig trening/restitusjon skal eg verte klar igjen ganske kjapt.
10. Kva tankar har du om kampen mot Hønefoss komande søndag?
- Eg har ikkje sett noko av Hønefoss i år, men eg trur vi kjeme til å ha mykje ball. Dersom vi klarer å vere effektive nok på den siste tredjedelen, så tek vi heim 3 poeng.