10 kjappe: Badr Rahhaoui

Spelar nummer 11 er neste mann ut i 10 kjappe.

Annonse:


Namn: 
Badr Rahhaoui
Alder: 19 år
Fødestad: Fredrikstad
Posisjon: Angrep
Tidlegare klubbar: Sarpsborg 08 og Fredrikstad FK 

1. Korleis ser din kvardag ut?
- Eg står opp mellom 08.00-10.00 for å lage mat til mine to barn, Eirik Haugan og Amani Mbedule. Deretter blir det ei treningsøkt på Aktiv eller Høddvoll, før det er fellestrening på ettermiddag. På kvelden blir det å lage middag, før eg må få barna til sengs før klokka 22.00.

2. Beste fotballminne?
- Då vi slo ut Strømsgodset i NM med juniorlaget til Sarpsborg 08.

3. Beste medspelar?
- Mohamed Elyounoussi.

4. Beste motspelar?
- Enes Ünal og Gustav Wikheim.

5. Lagets klovn?
- Det er to klovnar, Eirik Haugan og Amani Mbedule.

6. Lagets kjekkas?
- Amani Mbedule.

7. Korleis ser din draume-11ar ut?
Keeper: Dwayne Kerr.
Forsvar: Amin Askar, Andreas Nordvik, Sigurd Rosted, Jeremy Berthod.
Midtbane: Anders Trondsen, Mohamed Elyounoussi, Oliver Feldballe, Kamer Qaka.
Angrep: Aaron Samuel, Badr Rahhaoui.

8. Fortell noko folk flest ikkje veit om deg:
- Folk samanliknar meg med Johnny Depp.

9. Kva tankar har du om sigeren mot Vidar?
- Sigeren mot Vidar var veldig viktig for oss. Dette fordi vi var under pari og tapte dei to foregåande kampane. I kampen mot Vidar sto alle på og viste vinnarvilje. 

10. Kva tankar har du om kampen mot Vindbjart komande søndag?
- Vindbjart har ikkje fått resultata med seg i år. Vi er i god form, så eg trur vi tek med oss alle dei tre poenga heim til Ulsteinvik.

Annonse fra Obos-ligaen: