1976-1990

Her kan du lese om Hødd-historia frå 1976-1990.

Fotball etter 1972

Etter at Hødd rykka ned var laget på heile 70-talet i det som då heitte 2.divisjon. Stort sett var Hødd midt på treet og knapt nok det, men gjorde det likevel bra i 1974, 1976 og 1979.

Det var likevel sjeldan eller aldri snakk om noko i nærheita av den suksessen laget hadde hatt på 60-talet. I 1980 vart det nedrykk, og for første gong sidan 1964 spelte Hødd i 3.divisjon.

1981 vart likevel ein stor suksess med opprykk frå 3.divisjon og kvartfinale i NM mot Vålerenga på Høddvoll med over 12 000 tilskodarar. Hødd fekk inn Terje Skarsfjord på den tida og han sette djupe spor etter seg i 1981 og 1982.

Hødd hadde ein flott sesong i 1985 då Jan Åge Fjørtoft  og Børre Meinseth slo gjennom, og var like bak Tromsø som rykka opp via kvalifisering. I 1987 vart det likevel nedrykk på nytt og i 1988 vart Hødd for første gong passert  av Hareid i fotballsamanheng. Hødd kom sterkt tilbake med ein ny geneasjon i 1989 og rykka opp att. Etter det var det fleire bra sesongar, ikkje minst i 1991 då det vart 4.plass.

Så kom opprykket til Eliteserien i 1994 med Erik Brakstad ved roret.

Annonse: