Tribunereglar for Felt Blå
Felt Blå er heimefeltet for supporterkulturen på Høddvoll, og frå 2026-sesongen er dette ein felles ståplass for Blåsarane og miniBlå. Her ønskjer vi å skape god stemning, trygge rammer og eit inkluderande miljø for alle som støttar Hødd. Blåsarane miniBlå Hødd-supporter
For å sikre ei best mogleg oppleving for både store og små supportarar, gjeld følgjande retningsliner på Felt Blå:
Felt Blå er ein aktiv supportertribune, der song, heiarop og ståande støtte til laget er ein naturleg del av kampopplevinga.
Alle som står på Felt Blå må vise respekt for kvarandre, uansett alder og erfaring som supportar.
miniBlå er ein viktig del av feltet. Det skal takast særleg omsyn til barn og familiar, slik at feltet opplevast som trygt og inkluderande.
Uakseptabel åtferd, krenkande språkbruk eller handlingar som strir mot klubben sine verdiar og gjeldande reglar, er ikkje tillate.
Alle pliktar å følgje stadionreglementet og beskjedar frå vakter og arrangør.
Konsekvensar ved brot på reglane
Brot på tribunereglane eller stadionreglementet kan få følgjande konsekvensar:
- Munnleg åtvaring frå vakter eller arrangør
- Bortvisning frå Felt Blå
- Bortvisning frå stadion
- Inndraging av billett eller sesongkort
- Ved alvorlege eller gjentekne brot kan det bli aktuelt med utestenging frå framtidige kampar
Arrangør og vakthald har myndigheit til å vurdere og iverksetje nødvendige tiltak for å sikre tryggleik og god stemning på tribuna.
Felt Blå skal vere ein stad der engasjement og respekt går hand i hand. Når vi tek vare på kvarandre, skapar vi den beste ramma rundt laget og kampane på Høddvoll. 💙