Stadionreglement

Vi er glade for å ha deg som gjest. For at arrangementet skal bli gjennomført slik at alle kjenner seg trygge, og at opplevinga skal bli best mogleg ber vi deg vere merksam på dette:

1. Som gjest er du forplikta til å godta Norsk lov, stadionsreglementet, FIFA sitt reglement, UEFA sine sikkerheits- og arrangementsreglar, og rette deg etter dei pålegg og anvisningar som arrangøren gir.

2. Du må ha gyldig akkreditering eller billett, og du må vise fram billetten dersom du vert beden om det. Billetten viser kva plass du har krav på, og gir deg ikkje høve til å bruke andre plassar, eller opphalde deg på andre tribunar/ seksjonar.

3. Å stå på ein tribune som er meint som sitjetribune er strengt forbode under kamp.

4. Ingen må opphalde seg i trapper, inngangsområde, rømingsvegar etc. Ingen form for forsering/ klatring av gjerder, sperringar etc. er lov.

5. Alle må godta at arrangøren om nødvendig gjennomfører personleg visitasjon, og at å motsetje seg dette vil føre til at du ikkje kjem inn på stadion.

6. Desse effektene er strengt forbode å ta med inn på stadion:
  • Knivar, våpen eller liknande som kan nyttast som dette eller som arrangøren meiner er ein sikkerheitsrisiko. 
  • Fyrverkeri, jfr. NFFs reglement.
  • Røykbokser
  • Flasker av glas eller plast.
  • Alkohol eller andre rusmiddel.
  • Videokamera/ lydband.
  • Dyr (unntak er førarhund).
  • Banner, flagg e.l med kommersiell, religiøse, pornografiske, politiske eller rasistiske bodskap.
  • Laserpennar e.l.

7. Voldsom, ukontrollert eller aggressiv oppførsel, og bruk av nedsetjande språk er forbode og kan føre til at du vert vist bort frå stadion.

8. Det er strengt forbode å:
  • Ta seg inn på bana.
  • Kaste ting på andre eller inn på bana.
  • Vise rasistisk haldning.

9. Høddvoll er ein røykfri arena.

10. Arrangøren har ikkje ansvar overfor publikum i samband med ulykker, skadar, eller tap som måtte oppstå under avviklinga av arrangementet. 

11. Arrangøren er ikkje ansvarleg for eventuelle forseinkingar, endring av tidspunkt eller endring av kamparena for arrangementet og er utan ansvar dersom dette får konsekvensar for tredjeperson.

12. Utgifter til billetten vert ikkje refundert dersom arrangementet vert avbrote.

13. Rusa persinar vert viste bort.

14. Det er ikkje lov å selje eller gi ut gratis effektar/ varer/ flygeblad e.l. på stadionområdet utan at arrangøren har gitt skriftleg løyve.

15. Stadionområdet er videoovervåka.

16. Mobiltelefon kan berre brukast til personleg og privat bruk.

17. Innsamling og/eller overføring og/eller produksjon og/eller spredning av informasjon eller data angående kamputvikling, resultater, hendelser, oppførsel eller andre forhold i kampen, samt enhver form for opptak av lyd-, video- eller audiovisuelt materiale fra kampen (enten ved bruk av elektroniske enheter eller på annen måte), til bruk for noen form for spill, gambling eller kommersielle aktiviteter som ikke er autorisert på forhånd av klubben og ligaen, eller for bruk til andre formål i strid med disse vilkårene og betingelsene, er strengt forbudt på stadion. Mobiltelefoner kan kun benyttes til personlig, privat bruk. Ved brudd på disse vilkårene kan besøkende nektes tilgang til eller fjernes fra stadion.

18. Vidaresal av billettar på stadionområdet er strengt forbode.

19. Personar som har tatt seg inn på tribunar avsett for bestemte supportergrupper, utan å vere medlem av denne gruppa, vil av sikkerheitsmessige årsaker bli flytta til andre tribunar eller vist bort.

20. Alle må alltid følgje dei beskjedar som blir gjeve av arrangør, vakter eller poiiti.

21. Arrangøren har rett til å vise bort/ nekte adgang til stadionområdet til dei som bryt alle ovenfornemnde reglar og lover. Dei som gjer dette må også rekne med at saka får eit etterspel. 

Annonse: