
Bli med Hødd tilbake til norsk Toppfotball
Hødd Fotball kan gi eit tilbod til alle bedrifter som ønsker å bli samarbeidspartnar, uavhengig av størrelse og nivå.
Vi har i dag eit fantastisk næringsliv som støttar opp under klubben sitt arbeid i både medgang og motgang. Dette set vi umåteleg stor pris på. Med slike støttespelarar med på laget kan vi fortsette å oppretthalde det gode aktivitetstilbodet til barn og unge i klubben, og samtidig satse mot norsk Toppfotball igjen.
Som samarbeidspartnar blir du ein av ca. 90 bedrifter i eit stort nettverk, som gir gode moglegheiter for relasjonsbygging og profilering saman med Hødd Fotball, både på- og utanom kampdagar.
1. Generalsponsor
2. Hovudsponsor
3. Gullpartnar
4. Sølvpartnar
5. Bronsepartnar
6. Støttespelar
7. Hødd-Patriot
Hødd er avhengig av alle samarbeidspartnarar for å nå våre mål!
KVEN ER HØDD?
✓ Ein av dei største klubbane på Sunnmøre med 1200 medlemmer og ca. 450 aktive gutar og jenter i fotballen på alle nivå.
✓ Har ei stolt historie og den klubben med flest år på toppnivå i norsk fotball sidan midten på 60-talet.
✓ Norgesmeister i fotball i 2012 og ein kjent klubb i Idretts- Norge!
HØDD SKAL......
1. Vere ein del av norsk toppfotball – med mål om opprykk til OBOS-ligaen.
2. Famne om topp og breidde for jenter og gutar i alle aldersgruppe.
3. Skape opplevingar, entusiasme og glede!
4. Ta samfunnsansvar gjennom eit trygt og godt barne- og ungdomsmiljø, og legge til rette for samarbeid med klubbane i regionen.
VERDIGRUNNLAG
STOLT – AUDMJUK - INKLUDERANDE
Kontaktinformasjon
-
André Aurvåg GardsholMarknad- og medieansvarleg
- Telefon
- 99542159
- E-post
- [email protected]
-
Steinar HaugeLeiar Marknadsutvalet
- Telefon
- 90672910
- E-post
- [email protected]