Hødd 2 vann 5-0

Hødd 2 fekk ein god start på haustsesongen då Surnadal vart slått 5-0 på Høddvoll.

Vegard Heltne, 2012

- Vi spelte ein OK 1. omgang. Då hang Surnadal godt med. Men vi bestemte oss for å male på i 2. omgang. Då var vi solide, samtidig som vi scora nokre fine mål. Totalt sett seier vi oss nøgde, oppsummerte Einar Magne Skeide.

Han leia Hødd frå benken mot Surnadal, og fekk sjå ein 1. omgang der lagets hans ikkje spelte opp mot sitt beste. Surnadal kjempa godt, og hadde også ballen ein del i visse periodar. Men skikkelege sjansar skapte vel eigentleg aldri bortelaget frå Indre Nordmøre.

For Hødd sin del sat ikkje angrepsspelet så godt som vi veit det kan gjere denne omgangen, men Benjamin Mork Kleppe burde scora etter eit fint innlegg frå Vegard Heltne etter eit kvarter. Avslutninga gjekk dessverre rett på Surnadal-keeper Lars Ove Løseth.

Elias Nonso Lala hadde vore lite involvert dei første 25 minutta, men viste eit lite stykke klasse då han like etter sette inn 1-0. Surnadal stod høgt med forsvaret sitt, og då ein ball kom i bakrommet let ikkje Lala seg be to gonger. Med eit par klyv hadde han distansert motstandarane, og åleine med Løseth gjorde spissen ingen feil.

Resten av omgangen skjedde det lite framfor dei to måla. Heldigvis for dei frammøtte tilskodarane vart 2. omgang langt meir underhaldande. Havtor H. Skeide skaut i stonga alt etter 46 minutt. Åtte minutt seinare klinka Vegard Heltne (bilete) ballen i krysset frå kort hald. Surnadal hang med ei lita stund, men var definitivt ferdige for dagen då Bendik Torset på vakkert vis plasserte ballen i lengste hjørne frå 18 meter. Då var det 20 minutt att å spele.

Hødd kunne også ha scora fleire mål, men både 4-0 og 5-0 var av det flotte slaget. Innbytar Henrik Grimstad lobba elegant over Løseth i det 87. minutt. Og på overtid knalla høgreback Havtor H. Skeide ballen i krysset med venstrefoten.

- Eg synest vi fekk god motstand i 1. omgang, men motsola gjorde det noko vanskeleg for oss å få i gang vårt beste spel. 2. omgangen vår var god, meinte Martin Haanes.

 

Kampfakta:
3.-divisjon avdeling 9
Hødd 2 – Surnadal 5-0 (1-0)
Høddvoll
Mål: 1-0 Elias Nonso Lala (26), 2-0 Vegard Heltne (54), 3-0 Bendik Torset (71), 4-0 Henrik Grimstad (87), 5-0 Havtor H. Skeide (90+2)
Gult kort: Victor Eriksson Grodås, Hødd
Hødd (4-3-3): Øystein Vik Myklebust - Havtor H. Skeide (K), Ørjan Engen Grimstad, Martin Haanes, Victor Eriksson Grodås - Øyvind Hagen (Henrik Gjengår 66), Eirik Heltne, Bendik Torset - Benjamin Mork Kleppe (Henrik Grimstad 77), Elias Nonso Lala (Håkon Orten Trovåg 82), Vegard Heltne.

Juniorlaget 2013
Siste nytt
Cup-exit for juniorlaget
Hødd tapte 1-3 for Molde på Høddvoll.
Guttelaget 2013
Siste nytt
Guttelaget klar for 3. runde i NM
Hødd sitt guttelag slo Nardo 2-1 på Høddvoll.
Juniorlaget
Siste nytt
Klart for cup-søndag
G19 møter Molde og G16 spelar mot Nardo på Høddvoll.
Team Søre
Siste nytt
Innkalling til kretssamling gutar `99
Her er info og tropp.

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne sida krev Adobe Flash-plugin. Klikk her for å lasta ned nyaste versjon av Flash Plugin.

Sjå fleire videoar

Cup-exit for juniorlaget

Guttelaget klar for 3. runde ...

Klart for cup-søndag

Innkalling til kretssamling gutar `99

Bli med Hødd i 17.mai-toget

Hødd-Ranheim 2-3

Mest lest

Kampar

Sjå alle
  • Adeccoligaen

    borte, 22 mai 2013 - 19:00

    Kristiansund

    2d 16:18:18

    Kristiansund
  • Adeccoligaen

    hjemme, 26 mai 2013 - 18:00

    Hødd

    6d 15:18:18

    Hødd
  • NM Cupen

    hjemme, 29 mai 2013 - 18:00

    Hødd

    9d 15:18:18

    Hødd
  • Adeccoligaen

    borte, 02 juni 2013 - 18:00

    Elverum

    13d 15:18:18

    Elverum
  • Adeccoligaen

    hjemme, 09 juni 2013 - 18:00

    Hødd

    20d 15:18:18

    Hødd
  • Adeccoligaen

    borte, 16 juni 2013 - 18:00

    Ullensaker / Kisa

    27d 15:18:18

    Ullensaker / Kisa
  • Adeccoligaen

    hjemme, 28 april 2013 - 18:00

    Hødd

    1

    -

    Hødd

    0

  • NM Cupen

    borte, 01 mai 2013 - 18:00

    Åsane

    0

    -

    Åsane

    1

  • Adeccoligaen

    borte, 05 mai 2013 - 18:00

    Strømmen

    0

    -

    Strømmen

    2

  • Adeccoligaen

    hjemme, 09 mai 2013 - 18:00

    Hødd

    1

    -

    Hødd

    0

  • Adeccoligaen

    borte, 12 mai 2013 - 18:00

    Bodø / Glimt

    1

    -

    Bodø / Glimt

    0

  • Adeccoligaen

    hjemme, 16 mai 2013 - 18:00

    Hødd

    2

    -

    Hødd

    3

Partnere