Juniorlaget vann mot Luton
18.07.2012 - 09:05 ( Last updated 27.07.2012 - 10:50 )
Hødd sine juniorar vann enkelt mot Luton sine nest beste
Hødd jr. - Luton jr2. (shadow-team) 6-0 (2-0)
Hødd sine juniorar er denne veka på treningsleir i England. Tirsdag spelte laget treningskamp mot Luton jr.2 og vann greit 6-0. Luton sitt førstelag (junior U18) deltek denne veka på Gothia Cup, der dei blant anna slo AIK 2-1. Hødd juniorane møtte dermed andrelaget (shadow team).
Sjølv om det er vanskelig å vurdere kor gode Luton var i denne kampen, viste Hødd mykje bra og skora heile seks mål. Det vart bytta sju spelarar i pausa.
Måla kom slik:
1-0: Henrik Grimstad scora på straffe etter 1,30 min - Nils Erik Engen felt på veg gjennom.
2-0: Benjamin M. Kleppe på skudd fra 12-14 meter 37. min.
3-0: Mats Øvrebotten heading helt oppe i krysset 52 min.
4-0: Robin Hjelmeseth skudd fra 16 meter godt plassert 54 min.
5-0: Mats Øvrebotten kanonskudd fra vel 20 meter 59 min.
6-0: Mats Øvrebotten spelt gjennom, skora åleine med keeper 70 min.
Onsdag er det London-tur på programmet, som blir avslutta med "Thriller" (Michael Jacksons musikk) på Lyric Theatre.
Fredag er det ny kamp mot Crystakl Palace sitt juniolag U18.