YOYO-Kongen Badr med ny rekord

Badr Rahhaoui gjorde det best av alle og sette ny klubbrekord.

A-laget er godt i gong med treningane igjen. Dei første par dagane gjekk med til diverse testar. Det var ulike styrketestar, hurtigheitstestar og kondisjonstest. Desse testane viser blant anna om spelarane har halde forma ved like under friperioden i desember.

Kondisjonstesten vi nyttar er yoyo-testen. Dette er ein test der spelarane skal springe 20 meter, vende og springe 20 meter tilbake. Dette skal skje hurtig og ein får nokre sekund med pause før ein gjer det igjen. Tempoet økar heile tida og er du ikkje på streken innan det pip er du ute.

Testen viste at spelarane har teke treninga på alvor i førjulstida. Dei fleste gjorde det ein god del betre enn i fjor og gjennomsnittet auka betrakteleg. Badr Rahhaoui gjorde det best av alle og sette like godt ny klubbrekord. Bak han viste Eirik F. Saunes, Robin Hjelmeseth og Joachim Osvold at forma er god.

På hurtigheitstestane var det Bendik Rise som var raskast på 10 meter. På 20 og 40 meter viste nykommar Joahim Osvold at han kan bli vanskeleg å halde følgje med i bakrommet i årets sesong.

Fysisk trenar Rafael Bermudez var godt nøgd med det spelarane viste:

«Kjekt å sjå at spelarane har trent godt i pausen. Vi har mykje betre resultat enn i fjor og dette gjer at vi kan gå inn og ha kvalitet i oppkøyringa umiddelbart.»

Eirik Haugan var småsjuk og stod over yoyo-testen. Han fulgte med frå sidelinja og hadde følgjande kommentar til Badr sin rekord og resten av gutane:

«Gjennomsnittet blir betrakteleg betre når eg har sprunge neste veke og då er nok Badr sin rekord også historie, sa midtstopparen i fullt alvor.»

Vi vonar at spelarane held forma ved like og spissar den ytterlegare fram mot seriestart.

Annonse: