WRELE HAR SIGNERT NY KONTRAKT

Joakim Wrele (29) har i dag fornya avtalen sin med Hødd ut 2021-sesongen!

Joakim Wrele har spelt 201 kampar i Hødd-drakta fordelt på 7 sesongar. Årets kaptein har i dag signert ny kontrakt med Hødd ut 2021-sesongen, og vil bidra med sin erfaring og rutine inn i neste års spelarstall.

Wrele er god nøgd med å bli med Hødd vidare:
- Eg er glad for å fortsette i Hødd neste år. Hødd betyr mykje for meg og vi har mykje bra på gang. Eg ser fram til i lag med resten av laget og trenarteamet at vi skal gjere vårt beste for å få eit bra fotballår i 2021. Gler meg veldig til neste sesong!
 
Hovudtrenar Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:
- Joakim har hatt eit sentral rolle i Hødd over mange sesongar- og blir av mange sett som lokal. Joakim er ein erfaren spelar med dei rette verdiane, og ein spelar som er glad i Hødd. Vi er veldig glade for at Joakim har skreve ny kontrakt for 2021.
 

FAKTA
Namn: Karl Joakim Wrele
Fødd: 7. januar 1991
Posisjon: Forsvar, midtbane

Vi gratulerer Joakim med ny kontrakt! 
 

Annonse: