Vidare til 2. Runde!

A-laget er vidare til 2.runde i cupen etter ein spanande og nervepirrande kamp borte mot Træff i går.

Etter eit tidleg mål skulle vi få det litt tøffare enn venta borte mot Træff i cupen.

Hødd fekk eit tidleg mål allereie etter 14 sekund av Håkon Brautaset. Træff utlikna i det 5.min og scora to mål til og gikk opp i ein 3-1 leiing etter 37.min. 3-2 kom på etter ein corner der Bendik Rise fekk ballen på 20 meter og sendte ballen hardt i lengste hjørnet etter 38.min. Træff hadde eit straffespark på stillinga 3-2 som dei skaut over på. Utlikninga kom like etter straffemissen og Preben Sætre scorte på eit godt innlegg frå Tobias Bjørnebye i det 73.min. Som så mange gongar før teikna Robin Shroot seg på måltavla og scorte sigersmålet til stor jubel for bortelaget i det 84 min. Og kampen enda 3-4 til Hødd!

Tusen takk til alle som tok turen til Molde for å støtte laget!

Kampoppsettet for 2. NM-runde vert offentleggjort måndag 6.mai.

Annonse: