Rekruttspelarar flyttar på seg

Vi takkar for innsatsen!

Hødd sin rekruttstall har dei siste par sesongane bestått av spelarar som primært har vore født i 1998, 1999 og 2000, i tillegg til enkelte spelarar født i 2001 og 2002.

Frå vårsesongens rekruttstall er det no enkelte spelarar som har valt å flytte på seg. Dette skuldast blant anna studier andre stadar, i tillegg til at enkelte har valt å halde fram med fotballsatsinga i ein annan klubb.

Elias Flø har flytta til Kristiansund for å fullføre vidaregåande skule og blir ein del av rekruttstallen til KBK, Daniel Haanes og William Fjørtoft held fram fotballsatsinga i Østsiden, Sander Djupvik og Isak Haanes flyttar for å kombinere studier og fotball, Sander til Oslo, Isak til Bergen, medan Sveinung Tilseth har også bestemt seg for å flytte, men usikkert kvar.

Sportssjef André Nevstad vil på vegne av klubben takke Elias, Daniel, Isak, Sander, William og Sveinung for innsatsen - og mange gode opplevingar i Hødd-drakta opp gjennom åra. Samtidig ønsker vi alle spelarane lykke til og alt godt vidare både på og utafor bana i nye miljø.

Annonse: