UTPLASSERING I ADMINISTRASJONEN

Preben Sætre er i ferd med å fullføre utdanninga innen Sport Management i Molde og vil fram til sommaren vere utplassert i administrasjonen i Hødd.

Preben vil i tida framover få ulike oppgåver i administrasjonen og på sport. Her vil han få oppgåver innen media, anlegg, kamparrangement osv. I tillegg vil han ansvar for den sportslege aktiviteten på FFO det neste året.

Han vil derfor vere innom mange ulike arbeidsoppgåver i tida framover.

Du har no jobba her nokre veker i administrasjonen. Korleis har dei første vekene vore? 

- Dei fyrste vekene har vore interessante og lærerike! Det er mykje spanande som skjer i ein fotballklubb som ein eigentleg ikkje er klar over. Eg har vore så heldig at eg har fått vore innom fleire klubbar på Sunnmøre både som spelar og hatt andre verv innad. Så det er ikkje heilt nytt for meg.

Kva arbeidsoppgåver har du fått så langt?

- Eg har jobba ein del med heimesida og sosiale medier, fått ansvaret for den sportslege aktiviteten på FFO, jobba litt med logistikken rundt treningsutstyr og blitt med på forskjellige møter. Så det er ganske varierte oppgåver. I ein klubb som Hødd er det viktig å ta i eit tak der det trengst!

Du er snart ferdig med utdanninga innen Sport Managament og skal skrive ei avsluttande oppgåve samtidig som du er på utplassering. Kva tema har du valt å skrive om?

- Eg skal faktisk skrive om Hødd! Det er mange trenarar og spelarar som har tatt steget vidare oppover i divisjonssystemet etter at dei har vore her, så det er eit tema eg har valt å skrive om. Eg har følgt Hødd sidan eg var liten og har alltid hatt ein draum om å spele her. Så det var naturleg å inkludere Hødd i oppgåva mi. 

Vi ser fram til eit godt samarbeid med Preben!

Annonse: