Unikt prosjekt i gang

90 born møtte på første trening med Hødd Ekstra.

- Tilbakemeldingane frå foreldra var veldig gode, og borna var både flinke, interesserte og motiverte.

Det seier Tarald, Sebastian og Sander etter at første Hødd Ekstra-trening vart arrangert på Høddvoll torsdag kveld.

- Vi hadde åtte instruktørar i sving torsdag. Forutan oss tre ansatte på Høddskulen, var det med trenarar frå A-laget samt ex. A-lagsspelarar i Hødd. Søndag var siste prøvetrening, også det ein suksess, og torsdag denne veka begynner vi med ordinære Hødd Ekstra-treningar. Så håper vi på mange påmeldingar fram til då, seier Tarald, Sebastian og Sander.

Klubben har veldig tru på dette prosjektet, og håper mange foreldre og born tek sjansen på å bli med på Hødd Ekstra i vår!

Annonse: