ULSTEIN GROUP ASA MED SOM HOVEDSPONSOR OGSÅ I 2019

Hødd Fotball og Ulstein Group ASA har inngått ein avtale som gjer at Ulstein vert klubben sin hovudsponsor også i 2019.

Avtalen vart signert i dag og vert eit viktig bidrag inn mot at Hødd kan halde fram med den store aktiviteten og at vi kan fortsetje satsinga i damefotballen.

- Ulstein er som vi i Hødd opptekne av at vi klarer å halde oppe aktiviteten på Høddvoll. Denne avtalen vil hjelpe oss til å nå målet om auka aktivitet med endå betre kvalitet. Ulstein vil også vere hovudsponsor for damelaget og vil vere ein viktig bidragsytar til at vi kan leggje til rette for endå betre satsing for jentene i klubben og på sikt kome oss opp til 2. divisjon med damelaget. Vi er svært glade for at det tette og gode samarbeidet mellom Hødd og Ulstein held fram, seier dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei.

Ulstein Group er også nøgde med å få på plass ein avtale med Hødd Fotball:

- Vi har støtta Hødd over fleir tiår og det er viktig for oss å kunne vere med på å sikre at det gode arbeidet i klubben kan halde fram. Vi ønskjer å støtte opp under det gode arbeidet som Hødd gjer både lokalt og regionalt. Vi synest at Hødd kombinerer arbeidet med å få fram toppspelarar og oppretthalde breidda hjå jenter og gutar på ein veldig god måte. Skal vi skape gode bu- og arbeidsmarknadsregionar er vi avhengige av gode og varierte fritidstilbod. Hødd har ei svært sentral rolle i dette og vi er stolte av å kalle oss hovudsponsor for klubben, seier Lene Trude Solheim, organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i Ulstein.

- Solheim legg til at det sjølvsagt er flott at ein klubb som Hødd kan produsere både landslagsspelarar og Noregsmeistrar, men at det er minst like viktig at det finst eit breitt tilbod til mange.

Oddmund Davik Otterlei frå Hødd og Lene Trude Solheim frå Ulstein Group godt nøgde med å ha landa ein avtale som gjer at Ulstein vert hovudsponsor også i 2019.

Vi i Hødd Fotball takkar for avtalen med Ulstein og ser fram i mot godt samarbeid vidare!

Annonse: