TV-aksjonskampen: Troppa til Hødd

Sindre om kampen og Hødd-troppa som møter Larsnes/Gursken tysdag kl. 18.30 på River Plate.

Hødd er ubesigra på sine ni siste kampar i PostNord-ligaen, og tok ein ny siger i helga mot Hønefoss. Tysdag ventar LGFK til TV-aksjonskamp.

- Kva er gevinsten med denne kampen Sindre?

- Det viktigaste er at vi set fokus på og profilerar ei veldig viktig sak, og eg håper det kjem mykje folk slik at vi får samla inn ein del pengar til TV-aksjonen. I tillegg vert det god trening til kampen vi spelar til helga, og ein kjekk opplevelse for alle partar.

Hødd-spelarane Steffen Moltu, Preben Sætre, Bendik Torset og Magnus Myklebust spelar for moderklubben sin, og det som med andre ord vil vere eit forsterka Larsnes/Gursken.

Det vil seie at Hødd tek med seg følgande tropp til River Plate:

Ole Monrad Alme, Sivert Pieroth, Jesper Tørnquist, Martin Mork Breivik, Daniel Eid, Henrik Breimyr, Eirik Haugan, Eirik F. Saunes, Andreas Breimyr, Torbjørn Kallevåg, Robin Hjelmeseth, Robin Shroot, Badr Rahhaoui, Bendik Rise, Alexander Rekdal, Sander Djupvik, Isak Skotheim, Isak Haanes, Håkon Brautaset, Gustav Dimmen, Bam Hide, Elias Flø.

Kampstart er altså kl. 18.30 og inngangsbilletten på kr. 50,- går til inntekt til TV-aksjonen.

Heia Hødd og Larsnes/Gursken!

Annonse: