TV-aksjonen: Sett av tysdag 17. oktober

Vi minner om årets TV-aksjonskamp mellom Hødd og eit Larsnes/Gursken forsterka med sine Hødd-spelarar.

Talentfabrikken Larsnes/Gursken har gjennomført ein bra sesong i 4. divisjon. Men kor gode kunne dei vore om dei hadde med sine Hødd-spelarar: Magnus Myklebust, Bendik Torset, Preben Sætre og Steffen Moltu.

Vil eit slikt Larsnes/Gursken-lag kunne slå Hødd?

Det får vi svaret på tysdag 17. oktober kl. 18.30 på River Plate.

Sett av kvelden til årets TV-aksjonskamp på Søre Sunnmøre. Billettpris er kr. 50,-

Annonse: