TUSSA CUP 9.- 10. MAI
Hødd i samarbeid med Tussa starta opp ei unik fotballturnering for barn og unge våren 2020!
NY FOTBALLTURNERING FOR BARN OG UNGE I 2020
Hødd inviterer til TUSSA CUP 9. og 10. mai 2020. Dette er ei ny turnering på våren for aldersgruppa 6-12 år og 13-17 år, der vi satsa på stor aktivitet og fotballglede! Med eit topp moderne anlegg og god erfaring med å arrangere barnefotballturnering, så håper vi å skape ei flott ramme for både store og små!
Meld deg på i dag!
TUSSA CUP 2020
Hødd har over 20 år arrangert Tare Cup i Ålesund på hausten for aldersgruppa 6-12 år og dette
med stor suksess!
Vi ynskjer no å starte opp ei turnering også på våren for både gutar og jenter, men då i Ulsteinvik og på Høddvoll. Her kan vi tilby eit topp moderne anlegg med svært gode fasilitetar, kiosk/ kafeteria i tilknytning til stadion, to store 11ar baner, og ei 7ar bane (innandørs). Vi legg også opp til å filme enkeltkampar på hovudarenaen (Høddvoll) og vise dei på storskjerm.
Vi ynskjer å skape stor aktivitet under turneringa og vi legg også opp til E-SPORT og
FIFA-turnering i klasserom på UVS, der deltakarane som er spelinteresserte kan kome innom å sjå andre spele eller prøve sjølv.
KAMPAVVIKLING
Speletid - laurdag
3-ar fotball (6 år): 1x8 min (minimum 5 kampar)
3-ar fotball (7 år): 1x13 min (minimum 5 kampar)
5-fotball (8-9år): 1x18 min (minimum 3 kampar)
7-ar fotball (10-12år): 1x18 min (minimum 3 kampar)
Speletid - søndag
9-ar fotball (G13/ J13): 2x20 min (minimum 4 kampar) + sluttspel
11-ar fotball (G14/ J15): 2x20 min (minimum 4 kampar) + sluttspel
11-ar fotball: (G16/ J17): 2x25 min (minimum 4 kampar) + sluttspel
Det blir både A-og B-sluttspel.
Det vert spelt fotball etter NFF sine spelereglar.
Alle lag i aldersgruppa 8-12 år vil få minst ein kamp på hovudarenaen. Aldersgruppa 6-7 år vil
spele sine kampar i Ulsmohallen under gode forhold uansett vær.
PÅMELDING
Frist: fredag 3. april
Påmelding: https://tussacup.cups.nu/j/public/reg
BETALING
Pris:
kr. 850 pr. lag (3-ar)
kr. 1300 pr. lag (5-ar og 7-ar)
kr. 1600 pr. lag (9-ar og 11-ar)
Betaling av påmeldingsavgift, ved påmelding.
Prisen inkluderer transaksjonsgebyr for påmelding.
Om ein trekker laget etter fredag 10. april, vert ikkje
påmeldingsavgifta refundert.
Turneringslink: http://tussacup.cups.nu/
FAKTA
-
Turneringsleiar: Per Arve Moldskred
-
Telefon: 99 41 70 11
-
E-post: [email protected]
-
Arrangør: IL Hødd Fotball
-
Turneringssponsor: Tussa
-
Generalsponsor: Sparebanken Møre