TRONDHEIMS-ØRN 2 NESTE MOTSTANDAR

Søndag spelar Hødd damelag bortekamp mot Trondheims-Ørn 2 på Koteng Arena. Kampstart kl. 14.00!

TØFF BORTEKAMP MOT TRONDHEIMS-ØRN 2

Søndag kl. 14.00 spelar damelaget bortekamp mot Trondheims-Ørn 2. Hødd har fått ein flott start på sesongen og står med 6 poeng på dei tre første seriekampane. I forrige heimekamp mot opprykksfavoritten Fortuna vart det 0-3 tap, men Hødd damene var fullt på høgde med bortelaget i perioder av kampen.

No ventar ein tøff bortekamp mot Trondheims-Ørn 2 søndag og dei er tippa før sesongen å kjempe i toppen av 1. divisjon i år. Laget spelar typisk trønderfotball med 4-3-3 formasjon og er eit godt og spelande lag. Førstelaget til Trondheims-Ørn blir trena av tidligare Hødd-trenar Steinar Lein.

Både A-lag damer og herrer skal til Trondheim denne helga og det er derfor satt opp felles buss oppover. Les meir om det her!

NEVSTAD: - MÅLET VÅRT ER ALLTID Å VINNE

Vi har tatt oss ein prat med midtbaneanker Andrine Nevstad i forkant av kampen mot Trondheims-Ørn 2.

Det vart tap i forrige heimekamp mot Fortuna. I perioder av kampen var Hødd fullt på høgde med bortelaget. Det viser vel at det er kvalitet og potensial i laget til å nærme seg dei beste laga i divisjonen?
Avstanden er vel heller ikkje alt for stor opp til Fortuna?

- Synast at laget vårt har hatt ei positiv utvikling og at vi i store periodar av kampen mot Fortuna er på høgde med dei spelmessig. Vi er ein gjeng som trivast godt i lag og skal jobbe hardt vidare for å utvikle oss både offensivt og defensivt.

No ventar Trondheims-Ørn 2 søndag og dei er rekna som eit av dei beste laga i divisjonen. Kva kan vi forvente av Hødd i denne kampen?

- Det blir ein tøff kamp, mot eit godt Trondheim-Ørn 2-lag, som er tippa høgt oppe i år. Slike turar er noko som vi alle ser fram til. Målet vårt er alltid å vinne, og vi kjem til å gå ut i 100% på bana og gi alt! Vi har jobba ein del med struktur i laget både offensivt og defensivt, frå førre kamp og kjem til å ta dette med oss. Men alt i alt skal vi gi dei god motstand og gå for 3 poeng!

A-lag herrer skal også spele borte mot Stjørdals-Blink søndag og det er derfor planlagt felles busstur til Trondheim laurdag. Det blir vel kjekt?

- Det blir nok bra, vi gler oss! Det blir litt annleis, men kjekt å prøve noko nytt i saman med herrelaget. 

Du har opna sesongen bra som midtbaneanker i dei tre første kampane. Korleis føler du sjølv det har gått så langt?

- Det er alltid kjekt med sesongstart og veldig motiverande å kome på trening og alltid få feedback på kva ein kan gjere betre. Dette har gjort at laget, inkludert meg sjølv har hatt ein god start på sesongen. Eg føler det har gått fint så langt, men eg kjem til å jobbe hardt for å utvikle meg og bli enda betre igjennom sesongen!

TROPP

Agata Drozdzik, Andrine Nevstad, Anna Nerland Aahjem, Cecilia Bakke, Ellen Nerland Aahjem, Hannah Rekdal, Jenny Gjerde, Johanne Helvig, Lina Dorthea Solheim Stave, Oline Marø Sundgot, Pia Brandal, Ragnhild Ertesvåg, Rebecca Eikrem Sande, Thea Ertesvåg, Vilde Sundal.

Vi ønskjer damelaget lykke til i bortekampen mot Trondheims-Ørn 2 søndag!

KAMPFAKTA

  • 2. DIV. KVINNER AVD. 06

  • KOTENG ARENA

  • 12.05.2019 KL. 14:00

Annonse: