TRONDHEIMS-ØRN 2 NESTE HINDER

Ei jubileumshelg med mykje fotball er i vente og først ut er damelaget som tek i mot Trondheims-Ørn 2 kl. 14.00 på Høddvoll!

Denne helga skjer det mykje på Høddvoll. Damelaget opnar helga med heimekamp i 2. divisjon mot Trondheims-Ørn 2 kl. 14.00 og kl. 16.00 er det klart for Showkamp. Her vil Tare ta turen og vil dele ut både is og drops til borna. Det blir også loddsal under kampen med flotte premiar. I tillegg blir det pauseunderhaldning med "Kjellen"! 

Det blir open kiosk, speakerteneste og vi satsa på god underhaldning.

Ta derfor turen til Høddvoll laurdag!

KVA VEIT VI OM TRONDHEIMS-ØRN 2?

Trondheims-Ørn 2 vann 3-0 heime mot Sunndal sist og er plassert på plassen over Hødd på ein 5. plass. Bortelaget er eit spelande lag som ønskjer å spele ball langs bakken og er ikkje heilt ulike årets Hødd-lag i måten å spele på. 

Laget har vunne mot Molde og tapt knepent mot topplaga Fortuna og Kil/Hemne i år. Det er derfor eit godt lag som ventar Hødd på Høddvoll laurdag. 

Trondheims-Ørn 2 siste 5 kampar:

08.06.2019: Trondheims-Ørn 2 - Molde 4-3
15.06.2019: Kil/Hemne - Trondheims-Ørn 2 2-1
22.06.2019: Trondheims-Ørn 2 - Træff 4-0
18.08.2019: Herd - Trondheims-Ørn 2 0-0
25.08.2019: Trondheims-Ørn 2 - Sunndal 3-0
 

Bortelaget er i god form og har tatt 10 av 15 poeng siste fem kampar.

Laget sin trenar er Christian Moe Træthaug.

Vi kan også ta med at Trondheims-Ørn sitt Toppserielag blir trena av tidlegare Hødd-trenar Steinar Lein. På andrelaget spelar døtra Emilie Lein og ho er med i troppa til bortelaget. 

TROPP TRONDHEIMS-ØRN 2

Ane Eggen, Emilie Lein, Hedda Meyer, Inga-Marie Høston, Julie Skorge, Kristin Gumaer, Maiken Bakke, Marita Olsen, Martyna Sobczyk, Naina Inauen, Rugile Rylute, Siri Berg-Johansen, Tiril Olsen, Tuva Minde.

TETT OG JAMNT MOT TRONDHEIMS-ØRN 2 SIST

Når laga møttes i vår var det ein jamnspelte kamp som endte med poengdeling og resultatet 0-0. Hødd gjennomførte ein god kampplan, var kompakte, hadde god struktur i laget og var farleg på overgangar. På slutten av kampen pressa heimelaget på for skoring, men Hødd sto i mot presset og tok med seg eit fortent poeng heim til Ulsteinvik. På tampen av kampen kunne fort alle tre poenga blitt med heim, men tverrliggaren sto i veien dessverre. Eit uavgjort resultat var derfor greit totalt sett og ein god prestasjon av det unge Hødd-laget.

No ventar ein ny kamp mot laget frå Trondheim. Damelaget har gjennomført ei god treningsveke og skal vere klare for å ta i mot bortelaget. 

Lagets trenar André A. Gardshol seier dette i ein kort kommentar:

- Vi gjennomførte kanskje årsbeste defensivt mot Trondheims-Ørn 2 med god struktur, forflytningsevne og gjenvinningskraft når vi gjesta Koteng Arena i vår. Jentene viste ei enorm vilje til å gå i duellar og dekke store rom defensivt. Vi skal vere eit spelande lag offensivt, men duell- og løpskraft må alltid ligge i botn når vi går ut på bana. 

- Trondheim-Ørn 2 er eit godt lag som vi ønskjer velkomne til Høddvoll laurdag. Vi går ut på bana for å spele vårt spel og prøve å ta kommando frå start av. Gjer vi jobben og gjennomfører kampplanen, så skal det gi gode moglegheiter for 3 poeng og ein god prestasjon laurdag. Vi gler oss til kamp og ei flotte jubileumshelg!

TROPP HØDD

Andrine Nevstad, Camilla Meinseth, Caroline Overvåg, Hannah Rekdal, Jenny Gjerde, Johanne Helvig, Lina Solheim Stave, Madelen Gustavsen, Martha Helvig Omdal, Mathea Holte Grevstad, Oline Marø Sundgot, Ragnhild Ertesvåg, Rebecca Eikrem Sande, Silje Årsbog Bjåstad, Thea Ertesvåg, Vilde Sundal.

Hødd har med seg to debutantar frå J16 i kamptroppa til 2. divisjonskampen. Dette er Camilla Meinseth og Mathea Holte Grevstad.

Vi ønskjer Hødd damelag lykke til med kampen mot Trondheims-Ørn 2! 

HEIA HØDD!

Annonse: