TRENINGSKAMP MOT KBK SØNDAG

Søndag kl. 14:00 spelar A-laget treningskamp borte mot KBK på Kristiansund Stadion

Forrige laurdag spelte A-laget årets fyrste treningskamp på Høddvoll der vi vann 3-1 over Spjelkavik. Vi møter no Eliteserielaget Kristiansund BK på søndag, før treningsleiren til Tyrkia ventar for gutta.

Vi har stilt Sander og Jesper nokre spørsmål til kampen mot KBK.
 
Sist laurdag slo vi Spjelkavik på heimebane der vi brukte ca ein omgang før vi klarte å ta skikkelig tak i kampen. KBK blir nok ein del hakk opp i forhold til den kampen. Korleis vil du at laget skal framstå?
 
- Eg ønsker framleis å sjå ei betring i prestasjon – det betyr at vi ser igjen dei strategiske prioriteringane vi har gått gjennom på treningsfeltet og på video. KBK er eit stort hakk opp i forhold til dei motstandarane vi har møtt så langt i pre season, men den utfordringa gledar vi oss til.

Nok ei ny treningsveke nærmar seg slutten og vi er inne i ei litt tøffare periode med tanke på belastning. Korleis har spelarane respondert i denne perioda? Nokon som er skada?
 
- Dei har respondert bra! Vi hadde ei fysisk tøff tysdagsøkt, i tillegg blei det to tøffe på onsdag og torsdag igjen. Men vi har eigentrening på fredag for å avlaste litt. I tillegg så kjem der ein tøff kamp på søndag. Det er ikkje noko hensikt å trene hardt heile pre-season, då held vi ikkje ein heil sesong. Vi prøvar å få trent slik vi har ein jamn topp heile sesongen og ikkje berre i april-mai.
Johannes fikk to brudd i handa på tirsdag og må gå med gips i ein månads tid. Ellers er det litt smårusk.

Annonse: