TRENINGSKAMP BORTE MOT BRATTVÅG

Laurdag spelar Hødd treningskamp borte mot Brattvåg kl. 13.00. Vi gjer merksam på at det ikkje er lovleg med tilskodarar på treningskampen!

Då er det klart for ny treningskamp for Hødd borte mot Brattvåg.

Sesongstarten nærma seg med stormskritt og om to veker braka det skikkeleg laust når Hødd tek i mot Moss heime på Høddvoll i 1. serierunde, laurdag 11. juli kl. 16.00.

Før den tid er viktig å vere best mogleg førebudd til seriestart og laget er godt i gong med oppkøyringa til sesongen som starta 11. juli. Førre helg spelte Hødd sin første treningskamp borte mot Florø etter Corona utbrotet og nedstenginga av samfunnet. I kampen tok Florø først leiinga, men Hødd viste styrke og snudde til siger 2-1 etter skoring av Jens Husebø og Robin Shroot.

No ventar Brattvåg i neste treningskamp, ein motstandar som Hødd hadde god kontroll på i treningskampen tidlegare i år og som enda med 4-0 siger til Hødd på Høddvoll. Kampen i morgon går borte denne gongen og det blir ein fin test før seriestart korleis laga står opp mot kvarandre før det braka laust.

Det er viktig å presisere at det ikkje er lovleg med tilskodarar på treningskampen og vi ber derfor om at alle som hadde plana om å få med seg kampen respekterer dette og heller ser kampen på Vikebladet. Kampen blir streama der.

Vi ynskjer laget lykke til i kampen mot Brattvåg!

Tropp:

Ole Monrad Alme, Marco Priis Jørgensen, Emil Solnørdal, Jens Husebø, Preben Sætre, Joakim Wrele, Robin Hjelmeseth, Wachirawut Phudithip, Melvin Frithzell, Bendik Rise, Robin Shroot, Eirik Franke Saunes, Martin Mork Breivik, Paul-Henri Moussinga, Isak Skotheim, Sindre Kleiven, Ramzi Toure, Ola Heltne Nilsen, Syver Skundberg Skeide.

 

 

Annonse: