TRENINGSKAMP MOT BRATTVÅG

Hødd møter Brattvåg til treningskamp på Høddvoll laurdag kl. 14.00!

Då er det klart for ny treningskamp for A-lag herrer når Hødd tek i mot Brattvåg til kamp på Høddvoll laurdag.

Begge laga er godt i gang med treningskampane og det skal bli spanande å sjå korleis laga står opp mot kvarandre no i oppkøyringa.

Det blir open kiosk og speakerteneste.

Kampstart kl. 14.00!

TRENINGSKAMPAR BRATTVÅG

AaFK - Brattvåg 1-2
AaFK 2 - Brattvåg 0-8
Spjelkavik - Brattvåg 0-3
Kristiansund BK - Brattvåg 0-3
 

Divisjonskollega Brattvåg har gjort det veldig godt i treningskampane til no, og har vunne alle fire treningskampane til no i vinter, der både mot AaFK og Kristiansund BK frå Eliteserien er slått. 

Vi er derfor spente på kva som venta oss laurdag når Brattvåg kjem på besøk til Høddvoll. Absolutt ein test på om vi er i rute til seriestart!

Les kva Brattvåg skriv på si heimeside om kampen her!

TRENINGSKAMPAR HØDD

Molde - Hødd 3-1
Hødd - Spjelkavik 1-0
AaFK - Hødd 4-2
 

Hødd har gjennomført tre kampar i vinter og viste gode tendensar borte mot Molde FK i første treningskampen, sjølv om det enda med tap.

Mot Spjelkavik var det relativt jamnt i første omgang, men Hødd heva seg i andre omgang og vann full fortent 1-0 til slutt.

I førre treningskamp borte mot AaFK vart Hødd satt skikkeleg på prøve i første omgang. Der var heimelaget klart best og leia kampen full fortent til pause. I andre omgang heva Hødd seg fleire hakk, sjølv om AaFK bytta ein del spelarar løpet av andre omgang. Ein absolutt god prestasjon i andre omgang av Hødd og noko å ta med seg inn i neste kamp mot Brattvåg. 

Les kva Vikebladet skriv om kampen her! (+ sak)

Vi rekna med å sjå eit Hødd-lag som viser vidare progresjon i spelet sitt og gir Brattvåg skikkeleg kamp laurdag.

Vi håpar du tek turen til Høddvoll laurdag å støttar dei blåkvite i treningskampen mot Brattvåg!

HEIA HØDD!

Annonse: