TRENINGSKAMP LAURDAG A-LAG HERRER

Laurdag kl. 14:00 spelar A-laget treningskamp heime på Høddvoll Stadion mot Spjelkavik.

Forrige laurdag spelte A-laget kamp borte mot Molde 2 på Aker Stadion. Den kampen enda i ein 1-3 siger der Molde leia 1-0 til pause. Vi fekk sjå mange flotte kombinasjonar og angrep frå Hødd, så vi håpar på å få sjå meir av det i helgas kamp!

Vi har stilt Sander og Jesper nokre spørsmål til kampen mot Spjelkavik.
 
Det er ikkje mange vekene sidan vi spelte mot nettopp Spjelkavik, der tapte vi kampen 3-2 på Color Line Stadion. Korleis vil du laget skal framstå i denne kampen kontra forrige kamp mot dei?
 
- Vi må sjå ut som eit lag som samhandlar på det defensive og det offensive. Håpar å sjå igjen grunnspelet offensivt og tenke likt i press-spelet defensivt. Eg håpar at vi slepp oss lause og nyter å spele på Høddvoll igjen, det vert viktig!

Korleis har treningsveka vore Jesper? Er Netan speleklar til kampen? Nokre nye skader? Har sjukdommen slept taket?
 
- Treningsveka har vore god og Høddvoll har endelig blitt snøfri og speleklar! Så det blir svært nyttig i treningsarbeidet å få trene på stor bane. Netan skal i utgangspunktet spele ein omgang. Så det blir kjekt både for han og oss å sjå han i kamp!
Håkon slit litt med ein ankel, så det er ikkje sikkert han blir klar til kampen.
Ja, bank i bordet, så er det ikkje nokon som per dags dato er sjuke lenger så det er bra!

Annonse: