TRENINGSKAMP FOR A-LAG OG REKRUTT I MORGON

Laurdag spelar A-laget treningskamp mot Brattvåg på Høddvoll kl.14:00 og rekruttlaget mot Ørsta kl. 16:30

A-laget har nettopp tilbrakt ei veke i Tyrkia, Side på treningsleir og kom heim natt til onsdag. Der avslutta dei opphaldet mot eit Russisk lag som heiter Urozhay og tapte 1-0.

I morgon møter vi divisjonskollega Brattvåg til ny treningskamp Sander. Korleis har den siste veka i Tyrkia vore, møtet med Urozhay og korleis ser du for deg kampen mot Brattvåg?

- Tyrkia var ein kjempenyttig tur – både sportsleg og sosialt. Vi har blitt betre kjent som gruppe og fått nokon svar på kva vi er gode på og kva vi må bli betre på. Mot Brattvåg ser eg for meg ein kamp artig og spennande kamp, der vi får ein referanse på kvar vi står i forhold til ein divisjonskollega som har levert gode resultat i vinter. Målet for kampen blir å bygge vidare med å tydeleggjere identiteten i spelet vårt.

Er det nokre skadar i stallen Jesper?

- Vi har samtlege spelarar i trening noko som er gledelig! Robin Shroot og Isak Skotheim har vore i god trening og vi forventar at å ha dei tilgjengelege til kamp neste helg.

Sander og Jesper har også ansvaret for rekruttlaget og skal lede kampen.

Rekruttlaget spelar også kamp i morgon mot Ørsta etter A-kampen. Denne kampen skulle eigentleg gå fredag kveld, men vart flytta til laurdag ettermiddag på grunn av snøven. Dei kjem frå ein sterk 3-2 siger mot Herd i forrige treningskamp. Kva håpar du å sjå igjen i denne kampen?

- Som med A-laget ønsker vi å sjå ein identitet i spelet vårt – eit lag som pressar høgt så ofte som mogleg, eit lag som har ballen mykje og er framoverretta, og som ein konsekvens av dette styrer kampen. Håper mange blir igjen etter A-kampen for å sjå ein spennande generasjon spelarar!

Det vert speaker på kampane!

* A-kampen kan bli flytta til Color Line Stadion om bana ikkje blir klar. Det vert avgjort i morgon tidleg!

Annonse: