TRENARRETTLEIARAR PÅ PLASS

Arnfinn Ingjerd og Jesper Törnqvist får ansvaret for å ivareta og følgje opp klubbens trenarar i Hødd.

Arnfinn Ingjerd vil gå inn i rolla som trenarrettleiar for ungdomsfotballen 13-19 år og Jesper Törnqvist vil ha ansvaret for barnefotballen 6-12 år. Med to dyktige og engasjerte trenarrettleiarar på plass vil klubben sine trenarar bli tatt godt vare på framover.

Jesper som er sportssjef for Hødd breidde vil også ha det overordna ansvaret for den generelle kommunikasjonen ut til trenarane og lagleiarane, samt sørgje for at det er god aktivitet i breiddefotballen på alle nivå.

Arnfinn er glad for å kunne bidra i Hødd igjen:

- Eg gleda meg til å vere mentor for trenarane i ungdomsfotballen igjen både på gute- og jentesida. Eg skal vere ein medspelar og en diskusjonspartner for allereie kompetente trenarar. Gode trenarar betyr betre spelarar. Eg håpar også at eg kan bidra til å gjenreise Høddskulen.

Jesper: - Veldig gledeleg å få med Arnfinn

- Det er veldig gledeleg at vi får med Arnfinn igjen i Hødd. Han er ein rutinert og fagleg dyktig trenarrettleiar som har vore med på det meste innan fotballen og har også vore ansvarleg for å utvikle trenarar via UEFA B kurset ein del år. Arnfinn kjenner klubben godt og vi ser fram til eit godt samarbeid i denne viktige rolla inn mot trenarane i Hødd.

Klubben skal ha ein Trenarrettleiar registrert i FIKS med definerte ansvarsområde og overordna ansvar for oppfølging av trenarane i Hødd. Trenarrettleiarens rolle er å vere trenarens trenar, i tillegg til å ha eit ansvar for at klubbens verdigrunnlag og sportslege retning gjennomførast på forskjellige årgangar og lag. 

Målet er å utvikle, forankre, og rettleie trenarane overfor fotballgruppa sine aktivitetar innan Fair Play mot eigne medlemar, lokalmiljø, samarbeidspartnarar og sponsorar.

STOLT - AUDMJUK - INKLUDERANDE blir viktige verdiar å ta med seg inn i dette arbeidet.

Vi ynskjer Arnfinn og Jesper lykke til med arbeidet!

Annonse: