TRENARTEAM FOR A-LAG DAMER PÅ PLASS

Joakim Wrele og Ronny Osnes blir nye hovudtrenarar for A-lag damer i 2021.

I dag signerte Joakim Wrele og Ronny Osnes for A-damer, der begge vil bli sidestilte som hovudtrenarar i 2021. Eit godt trenarteam som vil sørge for at A-lag damer kan fortsette den gode utviklinga dei har hatt dei siste åra og etablere seg skikkeleg i 2. divisjon. Det nye trenarteamet tek over eit lag med stort potensial med ei blanding av unge og spanande spelarar, og etablerte spelarar med solid erfaring frå høgre nivå i Norge. Eit spanande utgangspunkt for dei komande åra!

Ronny har vore med rundt laget i heile år, då med spesielt fokus på keeperane. Han har solid erfaring frå J19-landslaget og har også dei siste åra vore ein del av trenarteamet til AaFK Fortuna. Ronny har signert ein toårsavtale som hovudtrenar for A-lag damer.

- Vi har hatt treningane ei periode og det har vore kjekt. Jente har hatt fantastisk tilstedeværelse, så treningane og kvaliteten har vore god. Laget har ei blanding av rutine, og ikkje alle damelag er heldige som har det – samtidig er det mange gode spelarar med stort potensiale. Det trigga å få jobbe med ei slik spelargruppe, og vere med å forme utviklinga til jentefotballen i Hødd framover, seier Ronny i ein kommentar.

Joakim kom inn no i haust og tok over hovudansvaret for A-lag damer, då laget var på jakt etter ein ny trenar. Han har fleire år bak seg som trenar på aldersbestemt, og tidlegare i år var han hovudtrenar for G19. Han har også solid erfaring som spelar og vil heilt sikkert bruke denne erfaringa godt no når han tek til som hovudtrenar. Joakim har signert i førsteomgang ut 2021-sesongen som hovudtrenar for A-lag damer.

- Det skal bli veldig artig å få vere ein del av A-lag damer neste år, eit lag med gode spelarar og mykje kvalitet. Eit herleg fellesskap! Eg ser fram til å utvikle spelarane i saman med Ronny, både som lag og individuelt for å ta nye steg.

Annonse: