TRE SPENNANDE TRENARTEAM

Trenarteamet til A-lag herrer og damer, samt rekruttlaget er no spikra for 2019-sesongen. Les meir i saka om kven som blir med som trenarar rundt dei tre laga.

A-LAG HERRER

På A-lag herrer kjem Sebastian Nilsen inn som assistenttrenar/spelarutviklar. Sander Håskjold Nyland får også med seg keepertrenar Frode Gjerde og Jesper Tórnqvist i viktige roller rundt A-laget i eit sterkt og spennande team.  

REKRUTTLAGET

Jesper Törnqvist blir også hovudtrenar for Hødd 2 i år og vil vere eit viktig bindeledd mellom A-laget og rekruttlaget. Med seg i trenarteamet får han også Harald H. Rise og Reidar Vikebakk. Det blir derfor eit trenarteam med mykje erfaring og komptanse som skal leie det unge rekruttlaget i årets sesong.

A-LAG DAMER

Løpet av vinteren har det også skjedd endringar i trenarteamet til Damelaget. Planen var at André A. Gardshol og Torbjørn Rekdal skulle leie laget i 2019, men ettersom Rekdal valte å takke for seg denne veka, så måtte det også bli endringar i trenarteamet til Damelaget. André blir lagets hovudtrenar i 2019 og får med seg to dyktige kara i Sindre Eid og Robin Shroot som begge har solid erfaring frå toppfotballen i Norge. 

Les meir om saka i Vikebladet her!

Annonse: