Toppkamp mot Hareid

Serieleiar Hødd 2 spelar borte mot Hareid på fotballens nasjonaldag! Kampstart kl. 18.30.

Hareid har opna sesongen bra med 8 av 12 mulige poeng og står utan tap så langt i sesongen. Laget ligg plassert på ein 3. plass i 4. divisjon.

Hødd 2 er serieleiar i 4. divisjon og har vunne alle kampane som laget har spelt. Dei blåkvite har spelt til tider flott fotball og har vunne 3 av 4 kampar med klare siffer. Opningskampen i divisjonen var jamnare då Hødd tok ein sterk bortesiger mot Bergsøy 2-3.

Tropp

Ole Monrad Alme, Andreas Moldskred, Andreas Breimyr, Martin Mork Breivik, Sveinung Tilseth, Aleksander Rekdal, Sander Djupvik, Isak Skotheim, Gustav Brandal Dimmen, Preben Sætre, Isak Haanes, Elias Martin Flø, Eirik F. Saunes, Håkon Brautaset, Sondre Beite, Amani Mbedule, Badr Rahhaoui, Bastian Myklebust Rasmussen.

Det er venta mykje folk til toppkampen i dag og det kan derfor vere lurt å vere tidleg ute med tanke på parkering.

Blåsarane har satt opp buss frå Kaffebaren kl. 17.45 om ein ønskjer å nytte seg av dette. Prisen for å vere med her er kr. 50,-. 

Billettpris

Vaksen - 50 kr
Barn - 30 kr
Honnør - 30 kr
Det er også mulig å betale med Vipps.

Vi håper begge lag, heime/borte-supportarar lagar ei god ramme rundt kampen!

Vi ønskjer Hareid IL lykke til med arrangementet på fotballens nasjonaldag.

Annonse: