TOPPKAMP MOT FK FORTUNA

Laurdag spelar Hødd damelag toppkamp mot FK Fortuna på Høddvoll. Kampstart kl. 14.00. Møt opp å støtt damelaget i kampen mot FK Fortuna!

TOPPKAMP OG LOKALOPPGJER MOT FK FORTUNA

Laurdag kl. 14.00 spelar damelaget toppkamp og lokaloppgjer mot FK Fortuna. Hødd er tippa å rykke rett ned igjen til 3. divisjon, men har fått ein kanonstart på sesongen med full pott og 6 poeng på dei to første seriekampane. Eit godt grunnlag er derfor lagt for resten av sesongen med tanke på å sikre plassen. Laget har spelt to gode kampar mot Sunndal borte (0-2) og Nardo heime (3-2) og har vunne begge to fullt fortent! Med sine seks poeng toppa derfor damelaget avdelinga etter to serierunder.  

No ventar FK Fortuna i tredje serierunde og dei er tippa før sesongen å kjempe om opprykk til 1. divisjon i år i lag med Molde og Kil/Hemne som dei største utfordrarane. Bortelaget skal eigentleg vere store favorittar, men Hødd damelag har ikkje tenkt å vere ein kasteball i årets 2. divisjon. Laget har visst ei enorm innstilling i dei to første seriekampane og ønskjer også å gi FK Fortuna skikkeleg kamp når dei gjestar Høddvoll laurdag. 

Dette er årets store kamp for damelaget i år på Høddvoll og det er venta mykje folk på stadion. Vi håper derfor på god stemning og god støtte frå tribuna laurdag. Det hadde vore kjekt det! 

Det blir open kiosk, speakerteneste og visning av kampen på storskjerm!

VI KJEM TIL Å GÅ UT PÅ BANA FOR Å VINNE!

Vi har tatt oss ein prat med Cecilia Bakke som har vore svært god på backposisjonen dei to første kampane.

Full pott, seks poeng og tabelltopp etter to seriekampar. Det må seiast å vere ein god start på sesongen?

- For oss er det stort å endelig få spele i 2. divisjon, men det er enda større å faktisk klare å prestere med å vinne kampar! For meg har det vore ein drømmestart og eg håpar på at vi vil fortsette å prestere godt på heime og bortebane!

Laurdag ventar FK Fortuna til toppkamp på Høddvoll. Det var nok ikkje mange som hadde forventa før sesongen?

- Etter tap mot Træff i kvalifiseringa til 2. div såg det ikkje ut som om vi skulle spele noken «toppkampar» i år. Etter at det eine laget trekte seg å vi fekk forespørsel om å spele på høgre nivå var ingen av jentene i tvil! Men eg trur ikkje at nokon kunne sett føre seg at vi skulle spele ein toppkamp i 2. div, det er kanskje derfor det er ekstra motiverande?

Kva kan vi forvente av Hødd i lokaloppgjeret mot FK Fortuna? Det er vel dei som har presset på seg som store favorittar?

- Vi kjem til å gå ut på bana for å vinne! Målet vårt vil vere det samme om vi er favorittar eller ikkje. Vi har hatt ei god treningsveke som kjem til nytte når vi går inn i denne kampen mot Fortuna. Vi vil presse på og vil spele slik som vi kan. Dei kjem ikkje på besøk til Høddvoll utan å møte god motstand! Sist men ikkje minst skal vi ha det gøy ilag og jobbe for kvarandre.

Du har opna sesongen med to gode kampar på backplassen og har i praksis stengt venstresida di. Dette gir vel sjølvtillit før kampen mot FK Fortuna?

Det har som sagt vore kjekt å komme i gang med kampane, men å sjølv føle at ein har gjort noko bra er ein stor bonus. Det gir sjølvsagt sjølvtillit og eit stort ønske om å fortsette på samme spor og bli enda betre!

TROPP

Agata Drozdzik, Andrine Nevstad, Anna Nerland Aahjem, Cecilia Bakke, Ellen Nerland Aahjem, Frida Jonberg, Johanne Helvig, Lina Dorthea Solheim Stave, Madelen Gustavsen, Oline Marø Sundgot, Pia Brandal, Ragnhild Ertesvåg, Rebecca Eikrem Sande, Thea Ertesvåg, Vilde Sundal.

Vi ønskjer damelaget lykke til i heimekampen mot FK Fortuna laurdag!

KAMPFAKTA

  • 2. DIV. KVINNER AVD. 06

  • HØDDVOLL

  • 04.05.2019 KL. 14:00

Annonse: