Tommy Malins til Bergsøy

Tommy Malins har signert for Bergsøy og blir klubbens nye hovudtrenar for A-laget i 4. divisjon. Vi ønskjer Tom lukke til vidare i ny jobb!

Oddmund: - Tom har gjort ein fantastisk jobb for Hødd

-Tom har gjort ein fantastisk jobb for Hødd det året han har vore her. Han har bidrege stort inn mot G16, i Høddskulen og i klubben elles. Vi gjorde kva vi kunne for å forlenge med Tom, men har samtidig svært god forståing for at Tom vil prøve seg som trenar i seniorfotballen. Vi ønskjer han lukke til i Bergsøy, seier dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei!

Tommy Malins seier dette i ein kommentar:

- I would like to thank all the members in the club, the parents and the players for a fantastic year both on and off the field. I felt welcomed immediately and was lucky to work with some of the kindest and nicest young players anyone could ask for. Although Hødd offered work for next year, I felt it was a chance to show myself at senior level, something I had wanted to do for a while. All good things come to an end and I only have positive words to say about Hødd.

Malins vart løpet av året i Hødd krinsmeister med G16 i 1.divisjon, vann B-sluttspelet under Norway Cup, tok bronse i Adidas Cup og kom til 3. runde i NM, der ein hadde Rosenborg BK i kne og leia 2-0 tidleg, men tapte til slutt 2-4.

Vi ønskjer Tom lukke til i Bergsøy!

Annonse fra Obos-ligaen: