To formlag møtes i Egersund

Egersund og Hødd har samla berre tapt ein av siste 19 kampane.

Då er det klart for årets siste serierunde i PostNord-ligaen avdeling 2.

I Idrettsparken i Egersund møtes nummer 9 og nummer 6 på tabellen, men likevel er det to formlag som brakar saman.

Hødd er ubesigra på sine ni siste kampar i serien. Egersund er ikkje mykje dårligare med sitt eine tap på dei 10 siste kampane.

Hødd tok ein ny skalp forrige helg, då gutta vann 1-0 mot Hønefoss. Borte har dei blåkvite tre uavgjorte og to sigrar på sine fem siste.

Gutta frå Ulsteinvik kan kome seg heilt opp på 4. plass på tabellen med siger og der laga foran ikkje vinn. Men kan også risikere å havne på 9. plass med tap og der andre resultat går imot. Alt å spele om med andre ord!

Egersund har vunne tre av sine fire siste kampar, mellom anna 6-1 borte mot Bryne. Heime står dei gulsvarte med 4-4-4 denne sesongen.

Egersund ligg på 9. plass på tabellen, men vil passere Hødd med siger.

Då laga møttes i juli, enda det med 2-0-siger til Hødd. Eirik Haugan (bilde) og Amani Mbedule scora for heimelaget.

Kampstart laurdag er kl. 13.00, og kampen kan du følge direkte på smp.no.

Annonse: