Tid for revansje

Hødd er i god form og Byåsen utan siger sidan forrige møte på Høddvoll.

To sigrar på rad for Hødd som er ubesigra på sine sju siste kampar. Det gjer dei blåkvite til eit av dei store formlaga i ligaen.

Søndag kl. 14.00 er Byåsen motstandar i Trondheim. Eit Byåsen-lag som ligg sist og allereie er klare for nedrykk, men som slo Hødd 3-1 på Høddvoll i juni. 

Det bør altså vere eit revansje-sugent Hødd som reiser nordover. Hødd vann mot Vindbjart forrige helg, og tok ein overbevisande 3-0-siger i sin forrige bortekamp mot Vidar. Dei blåkvite er ubesigra på sine fire siste bortekampar, som har gitt to sigrar og to uavgjort. 

Byåsen har ikkje vunne sidan dei var på besøk på Høddvoll i juni! Etter det har raudtrøyene tapt 11 kampar, samt spelt uavgjort heime mot Egersund. Laget har 0-10 i målforskjell på sine tre siste kampar.

- Det at Byåsen har mista presset etter at dei er klare for nedrykk, kan fort frigi energi for dei. Så vi har ingen grunn til å undervurdere søndagens motstandar. Vi må vere påskrudd heile kampen for å få med oss eit godt resultat, seier trenar Sindre Eid.

Blåsarane reiser til Trondheim med buss i helga. Er du ikkje der, ser du kampen direkte på smp.no. 

Annonse: