TESTING AV FYSISK KAPASITET

Første fellestrening for A-laget er gjennomført og allereie tysdag ventar første fysiske test for året!

Første fellestreninga er gjennomført og vi kan melde om bra trøkk på spelsekvensen i Ulsmohallen i dag.

Takk til alle som kom innom treninga i ettermiddag!

Testing av fysisk kapasitet

Tysdag skal A-spelarane teste den fysiske kapasiteten etter ferien og vi har derfor tatt oss ein prat med Sander og Jesper i forkant. 

Første test for året blir gjennomført tysdag. Kva test skal spelarane gjennom denne dagen?

- Alle spelarane skal i gjennom YOYO-testen tysdag, seier Jesper.

Spelarane har hatt fri ei god periode no etter sesongslutt. Kva testresultat forventar trenarteamet av spelarane Sander?

- Vi forventar at spelarane har gjort ein god jobb sidan førre YOYO-test og at dei dermed har framgang. Uthaldstesten er veldig konkret, og har ein ikkje den nødvendige framgangen må ein ta konsekvensane av det.

Kven som blir "best i test" kan du lese på heimesida etter testane er gjennomført. Det blir uansett spanande å sjå korleis den fysiske forma er før oppkøyringa starta for alvor.

Annonse: