Terje Skarsfjord er død

Terje Skarsfjord (75) frå Narvik somna inn denne veka. Han har hatt eit langt liv bak seg i norsk fotball, også her hos oss.

Minneord Terje Skarsfjord

Terje var trenar for A-laget til Hødd i sesongane 1981 og 1982. Han kom som eit friskt pust innover heile Hødd-miljøet etter nedrykket frå gamle 2.divisjon i 1980. Året etter henta han inn fleire spelarar frå den gode juniorårgangen og det vart opprykk på første forsøk. I tillegg vart det eit enormt cupeventyr med kampar mot 1.divisjonslaga Lyn og Vålerengen på Høddvoll, sistnemnde lag var motstandar i kvartfinalen med langt over 12 000 tilskodarar på Høddvoll. I 1982 greidde Hødd å stablisere seg i 2.divisjon etter opprykket, ved hjelp av Terje.

Terje Skarsfjord var ein svært godt likt kar i Hødd-miljøet. Han var direkte og hadde eit friskt språk som vi ulsteinvikarane likte. Han spelte også kampar for Hødd sitt legendariske B-lag dei to sesongane han var her, saman med blant andre Kjetil og Hallbjørn Hasund, Reidar Vikebakk, John Vik m.fl.

Terje var også lærar blant anna på Ulstein ungdomsskule då han var i Ulsteinvik. Sonen, Rune, spelte på Hødd sitt lilleputtlag og har seinare gjort karriere både som spelar og trenar.

Mange har gode minne frå den tida Terje og familien budde i Ulsteinvik og heldt kontakta med han i mange år.

Våre tankar går til Terje sin næraste familie.

Arne Flatin
Høddhistorikar

Bildetekst:
Terje Skarsfjord hausten 1980 då han besøkte Høddvoll i samband med at han signerte for Hødd.
Foto: Smp

Annonse: