Tare Cup 2018

Helga 10.-11. november vert Tare-cup arrangert for 19. gong, og turneringa vert igjen ei av dei største innandørsturneringane for born i Møre og Romsdal. Ca.1500 spelarar fordelt på 178 lag frå 40 klubbar skal i aksjon i Sparebanken Møre Arena.

Fleire hundre kampar

Arrangøren, IL Hødd Fotball, ønskjer liten og stor velkomen til fotballfest i Sparebanken Møre Arena i Ålesund. For dei yngste årsklassene har er det rekordstor påmelding, noko som er svært gledeleg. Denne gangen går turneringa utan jenteklasser ettersom jentene deltek på Tare Jentefestival helga før.

- Omlag 304 kampar skal avviklast, og det er venta om lag 10.000 personar innom hallen under Tare-cup. Kampane startar klokka 09.00 på laurdag, og turneringa vert avslutta klokka 18.30 på søndag. For dei unge håpefulle som skal i aksjon er det stor stas at familie, vener og kjente er på plass for å heie dei fram, så vi oppmodar alle om å komme. Her er det plass, seier turneringsansvarleg Per Arve Moldskred i IL Hødd Fotball.

Stor aktivitet og minst tre kampar kvar

Inne i hallen vil det vere stor aktivitet begge dagar med både 3-ar, 5-ar og 7-ar fotball. Kamptida er 1x18 minutt, og alle lag får spele minimum tre kampar. For 6-åringane som spelar 3-ar fotball er kamptida 1x7 minutt og med minimum 5 kampar. Mellom kampane kan spelarar og tilskodarar kjøpe seg mat og drikke frå fleire kioskar inne i hallen, så alt er lagt til rette for ein spennande dag.

Ei viktig inntektskjelde

- Tare-cup er eit resultat av ein framifrå innsats frå foreldra. Utan innsatsen frå dei rundt 150 frivillige som står på heile helga ville vi ikkje hatt moglegheit for å gjennomføre denne cupen. I tillegg til sponsorane våre som vi er svært takksame for, utgjer Tare-cup ei av dei største inntektskjeldene til Hødd Fotball si breiddeavdeling. Gjennomføringa av denne cupen gjer at vi kan halde eit høgt og godt aktivitetsnivå på gode anlegg året gjennom, samtidig som at treningsavgiftene kan haldast lave, seier Moldskred.

- For oss som har eit langvarig samarbeid med Hødd IL er det heilt naturleg at vi skal vere med på denne cupen, og dette er noko vi gler oss til å vere ein del av. Alle deltakarene får flotte statuettar i premie. I tillegg vankar det ei lita gåve på alle deltakarane. Vi vonar helga vert ei kjekk oppleving for alle borna, og at den inspirerer til vidare aktivitet, seier ein banksjef Ellen Kvalsund i Sparebanken Møre.

Annonse: