Tare-Cup 2017

Velkomen til den årlege Tare-Cup i Sparebanken Møre Arena 11. og 12. november 2017.

Påmeldingsfristen er no ute og det er påmeldt ca. 200 lag til turneringshelga i Sparebanken Møre Arena. 

Fotballfest

Hødd inviterer til den årlege Tare-Cup i Sparebanken Møre Arena 11. og 12. november 2017. Saman med lagleiarar og foreldre er det mange som er innom hallen under Tare-Cup. Mange lag nyttar turneringa som ei avslutning på sesongen.

Alder

Turneringa er for jenter og gutar frå 6 til 12 år. Det
vert spelt 7-ar, 5-ar og 3-ar (6år) fotball etter NFF sine
spelereglar.

Kampavvikling

Turneringa går både laurdag og søndag. Alle lag får
spele 3 kampar, og alle på ein dag. Speletid på 1x18
min. For 3-ar fotball er speletida 1x7 min. Her får alle
lag 5 kampar.

Informasjon

For meir informasjon, sjå http://tarecup.cups.nu/ eller ta kontakt med turneringsleiar Per Arve Moldskred på telefon 70 00 99 95 eller e-post [email protected].

Kampoppsettet for Tare Cup 11 og 12 november finn du her: http://tarecup.cups.nu/2017/result

Annonse: