Tap mot Sogndal

Onsdag kveld vart det tap mot Sogndal i 2. runde i NM. Dermed er NM-eventyret over for i år.

Det var Sogndal som kom best i gang på Høddvoll. Allereie etter 9 minutt scora gjestane frå Saftbygda på eit straffespark, som blei tildelt når Haugen blei felt på veg i gjennom. Etter scoringa tok heimelaget over totalt og dominerte i banespelet og skapte fleire sjansar, men diverre ville ikkje ballen i mål. Trass fire-fem gode målsjansar kom målet ikkje, og 0-1 stod seg til pause. 

Den første delen av 2. omgang starta på same vis - Hødd hadde initiativet i kampen og hadde ballen mest. Robin Hjelmeseth, Robin Shroot og Joachim Osvold hadde sine sjansar, men diverre fekk heimelaget aldri ballen forbi Dyngeland i Sogndal-målet. Diverre skulle heller 0-2 kome litt ut av ingenting. Sogndal spelte seg fri bredt på Hødd si høgreside, Sogndal-spelaren skar inn i bana og fekk skyte fritt frå 10 meter. Ole Monrad Alme redda skotet, men måtte gi retur. På returen var dei ein med svart drakt som distribuerte ballen vidare til Sixten Jensen som sette ballen enkelt i mål.

Etter 0-2 klarte aldri Hødd å sette inn ein skikkeleg sluttspurt, og dermed vart resultatet 0-2. 

Med det er NM-eventyret over for 2019 - men vi ser allereie fram mot ny kamp på søndag då vi tek imot Moss på Høddvoll!

HEIA HØDD!

Annonse: