Tap mot Molde 2

Mandag kveld spelte Hødd 2 bortekamp mot Molde 2 på Aker stadion. Det enda med eit knepet 1-0-tap.

På Aker stadion var det heimelaget som opna kampen best. Dei hadde initiativet i kampen, utan å skape store sjansar. Men etter 16 minutt kom 1-0 på heimelagets første openbare målsjans. Hødd spelte på seg eit brudd og Molde kontra. Jakob Nyland Ørsahl førte ballen i stor fart mot Hødd sitt forsvar, hadde to medspelarar med seg mot Hødds to forsvararar, men valde å skyte frå 20 meter. Avslutninga var godt plassert og gjekk inn i lengste hjørne. 1-0!

Etter scoringa jobba Hødd seg sakte men sikkert inn i kampen, og banespelet vart jamnare. Begge laga forsvarte seg godt, heimelaget anført av Eliteseriespelar Stian Gregersen i midtforsvaret. Det gode forsvarsspelet gjor at det ikkje var dei heilt store sjansane som blei skapt, og laga gjekk til pause med 1-0 til heimelaget. Men heilt klart oppløftande at Hødd heva seg inn imot pause. 

Etter pause var det Hødd som tok tak i kampen. Heimelaget blei spelt lave i bana, medan Hødd enten sette opp gode angrep eller vann igjen ballen hurtig, noko som gjor at bortelaget ikkje kom skikkelig med i kampen. Trass i dominansen og nokre målsjansar klarte ikkje Hødd å score. Truleg vart også Hødd snytt for eit straffespark eller to. 

Heilt mot slutten av kampen sendte Hødd fleire spelarar i angrep, noko som også gav Molde rom å kontre i. Det kunne blitt både 1-1 og 2-0, men ingen av laga klarte å sette ballen i mål. Dermed blei sluttresultatet 1-0 i ein jamn og tett fotballkamp. 

Trenar Sander Nyland sa følgande etter kampslutt:
"Molde opna kampen best, men vi jobbar oss inn i kampen etter 1-0. I 2. omgang er vi det beste laget, og hadde fortjent ei utlikning. Periodevis ein god prestasjon - det får vi ta med oss!"
, avsluttar han. 

Hødd: Benjamin Boujar, Eirik Haugan, Tobias Evebø, Håkon Thormodsæther, Johannes Sundgot, Håkon Brautaset, Eirik F Saunes, Petter Worren, Bam Phudithip, Peter Hasund, Gustav Dimmen. 

Desse kom inn: Bastian Rasmussen, Jesper Törnqvist, Tobias Hatløy, Ola Heltne Nilsen. 

Neste kamp for Hødd 2 er førstkommande mandag 15.10 kl. 18.30 mot Spjelkavik. Kampen går på Høddvoll. 

Annonse: