SVERRE HJELLE ØKLAND KLAR FOR HØDD

Sverre Hjelle Økland (27) har i dag signert ein toårsavtale med Hødd Fotball. FOTO: ullkisafotball.no

Sverre er midtbanespelar som har både erfaring frå Eliteserien og OBOS-ligaen og vil vere ei solid forsterkning inn mot neste sesong. Han debuterte for AaFK i Eliteserien i 2009, men det endelege gjennombrotet kom i KBK-drakta. Her var han med på heile oppturen med Kristiansund BK frå 2. divisjon og opp i Eliteserien, og står oppført med 134 kampar for laget. Dei siste åra har han spelt for Ullensaker/Kisa Idrettslag i OBOS-ligaen.

Hovudtrenar Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:
- Vi er stolte av å kunne melde at Sverre Økland er Hødd spelar dei to neste sesongane. I Sverre får vi ein lokal spelar med solid erfaring frå Obos og Eliteserien. Vi ønsker å bygge klubb, og i den samanheng passa Sverre utmerka inn. Sverre innehar dei verdiane som vi verdsett og vil helt klart vere med å bere kulturen i Hødd.
 
FAKTA
Namn: Sverre Hjelle Økland
Fødd: 19. juni 1993
Posisjon: Midtbane
Tidlegare klubbar: AaFK, Løv-Ham, Kristiansund BK, Ullensaker/Kisa
 

Hødd Fotball ønsker Sverre velkomen til Hødd!

Annonse: