SUPERSØNDAG PÅ HØDDVOLL

Søndag spelar både A-lag damer og herrar kamp på Høddvoll!

Fyrst ut er det a-lag herrar som spelar kl. 15:00 og deretter a-lag damer kl. 18:00. Sett av søndagen på Høddvoll for mykje god fotball! Det vert open kiosk og speakerteneste på begge kampane!
 
HØDD – SOLA
 
Førre helgs bortekamp mot Egersund er gløymd og vi ser verkeleg fram til søndagens heimekamp for å revansjere det tapet! Kampstart er kl. 15:00.
 
OM SOLA
Sola FK blei stifta i 1934 og fyller 85 år i 2019. Klubben held til i Sola kommune som er på utsida av Stavanger. Sola har i dei seinare åra variert mellom 2. Og 3. Divisjon. Dei rykka opp frå 3.divisjon til 2.divisjon i 2018.
 
Sola siste fem kampar:
 
16.06.19: Sola – Byåsen 1-0
10.06.19: Fredrikstad – Sola 5-1
02.06.19: Sola – Stjørdals-Blink 1-1
26.05.19: Levanger – Sola 3-1
18.05.19: Egersunds – Sola 4-0
 
Tidlegare oppgjer:
Vi har ikkje møtt Sola i ein seriekamp tidlegare, så dette vert eit fint møte med klubben frå Rogaland!
 
Sebastian Nilsen har hatt hovudansvaret for laget denne veka etter at Sander Nyland er på A-lisens kurs. (Sander er tilbake på feltet i dag laurdag)
 
Vi kan vell seie at førre helgs kamp mot Egersund ikkje er i nærheita av godt nok, Sebastian. Kva har laget gjort denne veka for å forberede seg til kampen søndag?
 
- Det kan vi så absolutt, vi tapte veldig fortjent og må bare ta lærdom av det! Nå gleder vi oss til å slå tilbake på søndag. Vi har trent som vanlig, og vært litt ekstra nøye med belastningen da vi følte at uka inn mot forrige kamp ble hakket for hard.
 
På Høddvoll har vi levert så langt i år, korleis er det å spele her heime forran det fantastiske publikumet vårt?
 
- Det er veldig kjekt, det hjelper med ekstra støtte fra tribunen. Så får vi håpe vi får se et Hødd lag som stuper i angrep.
 
TROPP
*Troppa blir lagt ut når den er klar!
 
KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?
 
Kampen kan du sjå live på Høddvoll – billettar kan du kjøpe på førehand ved å klikke deg inn her eller du kan kjøpe billett på billettkontoret før kampen.
 
Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følge dei viktigaste hendingane frå kampen.
 
Kampen vert også sendt live på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.
 
 
 
HØDD – HERD
 
Damelaget møter Herd på Høddvoll søndag kl. 18:00
 
Hødd spelte uavgjort 4-4 heime mot Træff i førre serierunde. Damelaget spelte ein god kamp der Anna Nerland Aahjem scora hat-trick og Ragnhild Ertesvåg scora eit mål. Hødd skal gjere alt dei kan for å vinne sin andre kamp på heimebane i år!
 
Vi har teke oss ein prat med trenar Andre Gardshol før kampen:
 
Laget spela uavgjort 4-4 mot Træff i sist serierunde her heime på Høddvoll. Kva kan dokke ta med frå den kampen inn mot søndagens kamp mot Herd?
 
- Laget spelte totalt sett ein god kamp sist mot Træff, spesielt offensivt. Vi tek med oss at vi scora fire flotte mål i kampen, som eit resultat av godt angrepsspel. Dette må vi bygge vidare på. Det at vi også kjem tilbake i kampen tre gongar viser også karakter og styrke i laget.
No gler vi oss til å møte Herd i morgon. Det er eit lag vi kjenner godt frå før. Vi har også hatt ei god treningsveke og skal vere godt førebudd til kampen.
                                                 
Korleis ser troppa ut? Er det nokre nye skadar eller er alle klare for kamp?
 
- Vi har nokre få utilgjengelege til kampen av ulike grunnar. Men det er stor konkurranse om plassane på laget, så det går nok fint. Dei som er med i troppa er meir enn gode nok til å skape trøbbel for Herd i morgon!
 
Tropp:
Agata Drozdzik, Andrine Nevstad, Anna Nerland Aahjem, Cecilia Bakke, Ine Slepines, Jenny Gjerde, Johanne Helvig, Lina Solheim Stave, Madelen Gustavsen, Oline Marø Sundgot, Plamedie Buntu, Ragnhild Ertesvåg, Rebecca Eikrem Sande, Thea Svoren.
Annonse: